Sankefestivalen i Hjelmelandsvågen (1200)

Festival i Hjelmelandsvågen med fokus på naturbaserte produkt og opplevingar.
Pga korona-Covid 19 er festivalen redusert til kun 1 dag: laurdag 8. august kl 10.00 - 17.00

Hjelmeland Turlag saman med Stavanger Turistforening og Nyttevekstforeningen Jærsoppen arrangerer Sankefestival i Hjelmelandsvågen for tredje året. Kurs ,fisking, Sanke-kafè, foredrag og kanskje eit langstrakt torg med aktivitetar mm.  Årets utgåve blir av det eksklusive slaget pga antallbegrensingar pr aktivitet. Det blir ei kjekk blanding av aktivitetar og kunnskapsformidling med naturen i fokus! Passer for heile familien.  

Programmet er kraftig justert i forhold til det opphavlege på grunn av smittevernreglar. Vi kan aldri vera meir enn 200 personar på festivalen og må ha navn og mobilnummer på alle som deltar. Vi ber om at alle meldar seg på til sjølve festivalen i tillegg til kurs eller foredrag. Har du ikkje meldt deg på, kan du koma etter kl.12.00. Da må du rekna med å måtte vente til nokon har gått heim før du slepper inn på festivalområdet. 

Fullstendig program med påmeldingslinkar er under oppbygging, og vil bli annonsert når det er klart. Under er kurs og fordrag som krev påmelding.

  • Pilflettekurs med Klara Pil
  • Nyttevekster og medisinske urter - kurs/foredrag ved Kristine Enger, Sankeliv.
  • "Bruk alt" og kurs i fermentering med kokken Heidi Netland Berge
  • Lag din eigen kjøkkenhage med Margunn Ueland.

Følg òg med på annonsering på Facbook-sida til Hjelmeland Turlag

Sankefestivalen i Hjelmelandsvågen (1200)

Festival i Hjelmelandsvågen med fokus på naturbaserte produkt og opplevingar. Pga korona-Covid 19 er festivalen redusert til kun 1 dag: laurdag 8. august kl 10.00 - 17.00 Hjelmeland Turlag saman ...

Kontaktinformasjon: