Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside
Historisk bilde fra Glitterheim

Vi hyller ei fjellstø kvinne

Møt Anna Vole, bestyrerinne på Glitterheim fra 1946–1972, ei dame som styrte kjøkkenet med vedomn, bakte brød til 100 gjester og trente griser til å gå tre dager til fjells.

Publisert: 05. mars 2026
Inspirasjon

I anledning 8. mars, løfter vi fram ei av Jotunheimens sterkaste, mest fargerike og mest utrettelige kvinner: Anna Vole (1913–2002).

I over 25 år var ho, saman med ektemannen Knut O. Vole, bestyrerinne på Glitterheim, ei av DNTs mest ikoniske hytter.

Barnebarnet og dagens bestyrer, Knut Vole, deler historia om bestemora som ikkje berre dreiv kjøkken, gardsbruk og fjellstasjon – men som òg trente griser til å gå tre dagar til fjells.

På bildet over ser vi Anna i midten og mannen Knut heilt til venstre.

Eit liv ved svartomn, snøfonner og fjellfolk

Frå 1946 til 1972 styrte Anna kjøkkenet på Glitterheim med stø hand og vedfyrt komfyr. Det var ikkje snakk om induksjon den gongen – all mat blei laga på svartomn, og brødet var heimebaka.

Arbeidsdagen starta grytidleg:

  • Fyring i omnen
  • Frokost til turfolka
  • Middag til opp mot 100 gjester
  • Og dei uendelege små gjeremåla som hører hyttedrifta til

Anna var alltid på kjøkkenet, og hennar oppskrifter og metodar lever vidare – frå henne til svigerdottera Solveig - og i dag til Tone, som er bestyrerinne på Glitterheim.

Anna Vole ved Steinbua i Glitterheim 👇🏻(Foto: Raabe, Gudbrandsdalsmusea)

Når fjellet var utan veg og kjøttet måtte gå

I Annas tid gjekk det ingen veg til Glitterheim. Alt måtte fraktast inn, også dyra. Sau, gris, ku og okse måtte vandre frå Lom og opp til hytta for å slaktast der oppe. Det var ikkje gjort i ein svipptur. Turen tok tre dagar!

Bestemor Anna er nok kanskje den einaste som har trena griser til å gå så lange strekningar.
Knut Vole
Barnebarnet til Anna og dagens bestyrer på Glitterheim

I dag heiter snøfonna ved elva framleis Kjøttfonna, etter å ha fungert som naturleg fryseboks for årets produksjon av kjøttkaker, steikar og karbonader.

God humor og knappar på vill flukt

Anna var kjent for godt humør og rask problemløysing. Betjeninga kom til fjells med eitt sett klede – og det måtte halde heile sesongen.

Mangla ein gardskar ein knapp i skjorta? Ingen problem. Anna tok turen på tørkerommet og klipte av øverste knappen på ei turistskjorte. Turisten skulle jo ned att snart, medan gardskaren hadde veker igjen på fjellet!

Sportsglad bestemor med stålkontroll på resultatservice

Når barnebarnet Knut var liten, budde han og systera hos besteforeldra medan foreldra dreiv Glitterheim. Han var Liverpool-fan – og Anna like så.

Ho hadde full kontroll på Kevin Keegan og John Toshack, og ringde jamleg til Glitterheim for å oppdatere på:

  • Fotballresultat
  • Ski
  • Skøyter
  • Ja til og med Formel 1

Ho hadde eit eineståande minne – salmeversa ho lærte på barneskulen kunne ho framføre på strak arm heilt til siste dag. Pris­ar, datoar og hendingar sat som spikra, som om ho hadde fotografisk hukommelse. I tillegg var ho ein framifrå forteljar som elska å dele historier. Anna heldt blant anna 17. mai‑tale i Lom, der ho fortalte om krigsdagane og historia knytt til Lom og Glitterheim under krigen.

Yes very well and I love you

Engelsken hennar var ikkje heilt på topp, men det stoppa henne aldri. Ho hadde høyrt ein slager på radioen med tittelen “Yes very well and I love you”, og den setninga tok ho like godt i bruk sjølv.

Ein gong ein engelsktalande gjest sleit med å gjere seg forstått, ordna det seg – som det alltid gjorde med Anna. Når gjesten til slutt fekk vatnet han ville ha, runda ho av samtalen med sitt faste:

"Yes very well and I love you.”

Ei fjellstø kvinne

🥇Anna og ektemannen fekk både Kongens fortjenstmedalje, DNTs hedersknapp og vart æresmedlemmer i reiselivslaget. Og ho lever vidare i historiene – i kjøkkenet på Glitterheim, i stiane ho gjekk, og i minnene til dei mange som møtte henne.

På ein dag som 8. mars feirar vi kvinner som Anna:

✨Arbeidsomme, oppfinnsame, fulle av forteljarglede – og med eit hjarte som romma både gjester, fjellet og ein Liverpool-spelar eller to.

Fotografi på veggen på Glitterheim viser bestyrerne gjennom 100 år:

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem