Historien om Gjendebu
Gjendebu er DNT (Den Norske Turistforening) si eldste hytte. Den vart vedtatt bygd i november 1868, berre 10 månader etter at foreninga vart stifta. I 1871 stod den første hytta ferdig, den var 45 kvm stor og gav plass til ca 12 turistar.
Bygget om en rekke ganger
Seinare har hytta vore om- og påbygd ei rekke gongar, slik at det i dag er ei av DNT sine største hytter, med 119 sengeplasser. På det meste har det vore over 10.000 overnattingsgjester i løpet av ein månads vintersesong og 3 månaders sommarsesong. Det er etablert ein teltplass ved hytta, og utanom sesong kan sjølvbetjeningshytta brukast av DNT-medlemer.
Idyll
Gjendebu ligg idyllisk til ved inste enden (vestenden) av Gjende. ”Gjende” er avleia av ”gandr” som betyr stav. Vatnet er 2 mil langt og forma litt som ein bøygd stav. Sjølv om heile Gjende ligg i Vågå kommune, ligg Gjendebu i Lom. Grunnen til dette er at bøverdøler hadde (og har) sætring i Storådalen og Memurudalen, og dermed danna hevdsrettar her sjølv om området ligg langt frå Lom.
Frodig
Området rundt Gjendebu inneheld eit vell av fiskevatn, brear og tindar. Fiskekort gjev rett til stongfiske m.a. i Gjende, på Grisletjønnane, i Langvatnet og Storåi, og i dei mange småvatna på Memurutunga. Dagsturar til 2000-metarar er det mange av, men den enklaste er Svartdalspiggen. Knutsholstind og Semmeltind er også greie dagsturar som ikkje krev klatring, men likevel kan gje luftige opplevingar. For botanisk interesserte er turen frå hytta til Memurutunga via Bukkelegeret eineståande: her skal det være forekomst av 700 forskjellige planter.
Nabohytter
Dei viktigaste nabohyttene er Gjendesheim, Memurubu, Fondsbu, Olavsbu, Leirvassbu og Spiterstulen. Frå Gjendesheim går det båtrute med anløp like ved Gjendebu to gongar dagleg i sommarsesongen.
Gjendine
Kaia Gjendine Slaalien er den person som gjennom heile Gjendebu si historie har hatt sterkast tilknytning til Gjendebu.
Ho vart fødd på Gjendebu – i Gjendinebua – på forsommaren 1871, same år som DNT si første hytte åpna her, og var datter av det første bestyrerparet på Gjendebu, Anne og Erik Slaalien. Gjendine heldt seg i Jotunheimen det meste av livet, også på Spiterstulen og Skogadalsbøen. Ho traff ved fleire høve Edvard Grieg og skal ha inspirert hans musikk i stor grad. I hans opus 66 finst mange tema frå Gjendine sine songar, og det siste stykket i samlinga er "Gjendines vuggesang". Gjendine døydde 13. mai 1972, i sitt 101. år.