Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside
Kvanndalen, august 2022.

Pioneren som fekk på plass den aller første turisthytta

Historia om korleis Stavanger Turistforening fekk si første hytte, er også forteljinga om ein pionér som blei fullstendig bergteken av Ryfylkeheiane. Bli kjent med Tønnes Tønnessen Stavnem.

Publisert: 13. desember 2023
Skrevet av: Tor Barkve
Om DNT

Han er blitt kalla grunnleggaren av fjellsport i Rogaland, og få personar har vore så viktig for tidleg fotturisme i Ryfylke som læraren, venstremannen og skribenten Tønnes Stavnem (1835-1913).

Stavnem var bygutt, oppvokst på Holmen i sentrum av Stavanger, så kanskje var det overraskande at han skulle bli så glad i fjellet. Men alt i 1875 står han oppført blant dei ni DNT-medlemmane frå Stavanger, og då STF blei stifta 30. april 1887 blei han vald inn i styret som «suppleant» (vararepresentant). I etterfølgande år tok han på seg verv både som sekretær, kasserar og viseformann. Medan fleire i tidlege STF-styre nok var primært interessert i Stavanger og byturisme, så var Stavnem den som drog til fjells for å utforske turvegar.

Bergteken av Ryfylkefjella

«Ryfylkefjella hadde bergteke han heilt, og han gav andre høve til å verta glade i heia. Han skreiv ferdaskildringar og laga ferdaruter, så det skulle verta lett å finna fram til det mest storfelte og herlege i Ryfylke» (Erfjord bygdebok, 1959). «Han blev fjellfolkets venn og lydhør for deres ønsker og planer, et bindeledd mellom landsfolk og byfolk» (STFs annaler).

Ein stor del av livet var Stavnem lærar på Kongsgaard. Han skal ha vore ein streng lærar: «...tallet på hans elever kan formodentlig telles i tusener, og antallet av de knubs han med rund haand utdelte kan antagelig tælles i titusener. Han tok netop ikke paa oss med silkehandsker, men tidene var anderledes enn nu, stryk var dagens kost, og stryk hadde vi vitterlig godt av.» (Kongsgaard skole 1824-1924). Stavnem blir imidlertid også omtalt som ein «fremragende lærer», og han inspirerte nok mange av elevane til fjellturar.

Svart-hvitt bilde av mann i dress.
FØRST UTE: Tønnes Tønnessen Stavnem la til rette for dei aller første turisthyttene til Stavanger Turistforening. Foto frå STFs arkiver.

 

Kvanndalen kom først

Dei første turane hadde Stavnem saman med kameratar tatt på 1860-talet. Mora var sikker på at det ville øydelegge helsa hans. Ein tur gjekk med båt til Tau, til fots til Hjelmeland, båt til Vadla, til fots til Suldal, Røldal og vidare til Haukeli, Vinje og Dalen. Først i Skien vendte kameratane nasen tilbake mot Stavanger.
«Saasnart døren lukkes for den sommerkvalme skolestue, er det at ordne reiseskreppen, og saa bærer det afsted over nut og tind til Telemarken, over Suldal eller Lyseheierne til Sætisdalen eller på kryds og tvers her i amtet. Han har ført et herlig friluftsliv, ofte sammen med fækarer, som sover i stenuren, slaatteløer, eler hvor fæet fører dem hen. Saa til byen igjen for at skrive om alt det skjønne, vor storslagne natur har at byde paa.» (Skolebladet, 1902).

På tur i 1888 har Stavnem for STF lokalisert ei «tarvelig hytte øverst i Kvanndalen» som kunne brukast av fotturistar. Hytta blei etter kvart innreidd med fire doble køyer og ovn. Ruta frå Roalkvam til Haukeliseter var den første som blei varda av STF, omtalt i årboka frå 1893: «for at de Reisende kan finde fram uden Fører».

Interiør fra liten hytte.
ENKELT: Den vesle hytta i Kvanndalen er restaurert og godt tatt vare på. Sannsynlegvis er hytta den eldste i Noreg som blei bygd som turisthytte, og framleis er i bruk til samme føremål. Foto: Per Henriksen

Melk, øl og kaffi på Bleskestadmoen

I 1896 var Stavnem igjen på tur gjennom Kvanndalen, for å gjere vardinga betre. Han foreslår då også å bygge ny hytte ved Svultanuten, og den første hytta til STF sto ferdig i 1898. Stavanger Aftenblad skriv i juni 1899: «(Fra Roalkvam) opover Kvandalen og videre til den nye turisthytte, beligende på stølen Svoltanuten, ca. 12 km stølsvei. Tung oppstigning til «Litlestølen», hvorfra en henrivende udsigt; veien senere forholdsvis let at passere. I turisthytten god logi. Melk m.m. at erholde. Tilsyndsmand er stølens eier kommandørsergeant og gaardbruger Jakob Roalkvam, der yder assistanse og skaffer muligens hest og damesadler.»

I 1890 gjorde Stavnem avtale med Mikkel Bleskestad om at han vinteren skulle hugge tømmer til ei STF-hytte på Bleskestadmoen. Denne hytta stod ferdig i 1891. Også her blei det muleg å kjøpe mat i fjellet: «Her kan erholdes Melk, Kaffe og hermetiske Sager.» Mikkel Bleskestad fungerte som den første tilsynsmannen på hytta, og i åra rundt 1900 hadde både han og Jakob Roalkvam løyve frå Suldal heradsstyre til å selge øl på hyttene.

Stavnem var ein ivrig skribent og skreiv fleire av dei tidlege publikasjonane til STF. I årboka for 1893 skriv han ein omtale av Suldal, Røldal og Haukeligrend, mellom anna at «Suldølerne er godmodige, stæbsomme og oplyste Folk. Da Kampen for Livet kræver store Anstrengelser, er de stærke til at bære; deres Erhverv er foruden Agerbrug og endel Skovdrift (navnlig i Kvildal og Roalkvam) især Kvægavl, da Suldal har gode Stølsbeiter.»

Gammelt svarthvitt-bilde av hytte med en mann som står utenfor
NESTEN NY: Hytta i Kvanndalen med den kjende jegeren Gabriel Dynjaren utanfor. Bildet er sannsynlegvis frå åra rundt 1900 til 1910. Foto: Åke Bleskestad / Suldal Sogelag

 

Nye ruter

Stavnem vendte også blikket mot meir sørlege delar av heia. I 1892 merka han opp ruta frå Årdal til Nilsebu (Nilsebuhytta sto ferdig først i 1911). I 1896 var han representant for Stavanger i «Lysheimkomitéen», eit utval som skulle vurdere veg frå Lyse til Sirdalen og vidare til Setesdalen. Ein viktig funksjon for vegen var å stimulere til turisttrafikk. I komitéen sat også representantar frå Kristiansand, Flekkefjord, Lyse, Sirdal og Bygland. To alternativ for vegen blei foreslått, begge sør for den noverande Suleskarvegen. Arbeidet stranda nok i mangel på pengar. Suleskarvegen opna først i 1990, meste hundre år etter arbeidet til Lysheimkomitéen.

Då Lysebu blei bygd i 1902, var dette etter ein ide frå Stavnem. Han skal ha peikt ut plassering og vore sentral i planlegginga.

Blei æresmedlem

Åra 1899 og 1900 var vanskelege for STF. Bygging og drift av Haraldstårnet på Ullandhaug heldt på å knekke foreininga økonomisk, og løysning kom først då tårnet blei overført til Stavanger kommune. Då Stavnem i september 1911 blei gjort til æresmedlem i STF, var det nok både for den tidlege innsatsen og for arbeidet i desse vanskelege åra.

«Eg fekk den hugnaden å fylgja Stavnem på ei heiaferd frå Hålandsosen til Suldal og tilbake. (...) Ferda vart ei oppleving for meg. Kvar nut og tind og kvart vatn visste han namn på. Ja, kvar støl og budeie. Kvar me kom, vart me gjesta, og liv vart det. Ei ugløymande ferd.» (Magnus Våge i Erfjord bygdebok, 1959).

I to perioder var Stavnem medlem av Stavanger bystyre. Han høyrte til den radikale delen av Venstre ("Rene Venstre"), i sterk opposisjon til presten Lars Oftedal i "Moderate Venstre". Stavnem var ein ivrig avisskribent og hadde ei rekke offentlege verv utanom STF. Mellom anna var han styremedlem og kasserar i Stavanger-avdelinga av Norske Kvinners Sanitetsforening, noko som nok var ei uvanleg mannsrolle på den tida.

Då Stavnem døyde, etterlot han seg kone og fem born. I heia står både vardar og hytter som arv etter han.

Frå avisa Stavangeren, juni 1866 - 21 år før STF blei stifta

Turistruter

Av T. Stavnem

Det er Sommer, Marker og Lier har iført sig fin Højtidsdragt; gaar du med?

Er du frisk, saa tag dig en Tur paa Fjordene og fortsæt op gjennom Dalene og op over Fjeldskrænterne lige til Højfjeldet. "Sind og Skind" vil forfriskes, og dine Levekræfter styrkes. Er du mindre rask, tag ud! En saadan Tur, avpaset efter Kræfterne, vil bringe "Helsbod".

Ryfylke har mange inbydende Trakter, hvor du kan faa nyde en ægte norsk Natur. Du finder Øer og Sund; Fjorde med bratte Vægge eller med vakre Lier og indbydende Fjordbygder; du ser mægtige Fjeldrygge og koselige Dalfører med Bække, Elve og Fossefald.

Du vil i Ryfylkingerne få træffe jevne, godslige Folk med adskillige Interesser, og som paa mange Steder i den sidste Tid har
gjort betydelige Fremskridt i Utvikling. Det er Folk, som på Grund av Landets naturlige Beskaffenhet maa tage harde Tag i Kampen
for sin Tilværelse. Du vil paa en saadan Udflugt faa et sundt Begreb om Folkets Levesæt, og om hvad det koster at slaa sig igjennom
i vort Lands Fjord- og Fjellbygder. Ditt Syn vil forhaabentlig udvides, og dit Blik blive klarere.

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bilder fra 7-nutsturen 2022, fra Dale til Gramstad over sju topper. Frivillig, dugnad, drikkestasjon på Gramstad.
Bli frivillig
Bli medlem
Stranddalen turisthytte sommeren 2022.
Bli medlem