Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside
To jenter står utenfor hytte.

Familieturtips: Viglesdalen frå Nes i Årdal!

7-åringane Una og Aurora anbefalar gjerne ein tur til den vakre dalen! Turen passar godt for ungar som er litt vane med å gå fjellturar frå før. Her er nokre tips på vegen.

Publisert: 21. august 2024
Skrevet av: Odd Helge Løyning
Inspirasjon

🤸Turen er ikkje vanskeleg, men er 7 km lang. Den kan vera litt lang for dei minste. Det er uansett lurt å rekna god tid på fotturen frå Nes til Viglesdalen.

😅Dei første bakkane opp frå parkeringsplassen på Nes er dei hardaste.

🌊Det er ingen delar av turen som er direkte farleg, men du skal gå langs ei elv med stor vassføring, og flotte stryk og fossar. Det er lurt å minna turfølget om å vera forsiktig.

📚Turen er starten på den historiske vandreruta Driftavegen gjennom Viglesdalen. Ta dykk tid til historieforteljing undervegs! Den gamle historia om dei tre gutane som døydde i Hiafossen gjorde eit sterkt inntrykk. 

📌Blant høgdepunkta undervegs finn du Hiafossen, jettegryta, Hiabolten og den flotte steinbrua i enden av Viglesdalsvatnet.

Og lurer du på korleis du kan motivera borna til turen? Her er nokre småtips👇👇

🌿Prat om turen på førehand. Vis bilde av landskapet og hytta, og fortel kva slags rom dei skal sova på. Då føler dei seg heime med ein gong de kjem fram.

🎒Viss borna ikkje er vande med å bera eigen sekk på tur, kan det vera fint at sekken ikkje er for tung, og at de startar med at ungane pakkar sekken sjølve. Eit eksempel på pakkeliste kan vera: bamse, bok og litt godteri. Hjelp gjerne til med å bera sekken i dei tøffaste partia.

🥨Små pausar er viktig. Påfyll med litt energi hjelper på humøret, og gir motivasjon for å fortsetja til neste pause.

👸Gjer det til eit eventyr og bruk fantasien: Skap ei historie eller eit tema for turen som de kan spinna rundt undervegs. Lag morosame historier om naturen rundt dykk, eller lag ein quiz om dyr og plantar.

⚽️Inkluder leiker og aktivitetar: Syng saman, ta med ein liten ball, eit hoppetau eller organiser små leiker som steinplukking, sporleiting eller fuglekikking. Dette gir pausar frå gåinga og gjer turen meir variert.

😁Ver positiv og ha det gøy sjølv: Di eiga innstilling påverkar borna. Vis entusiasme og glede over turen, så vil borna mest sannsynleg gjera det same.

Hytta finner du på Ut.no

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bilder fra 7-nutsturen 2022, fra Dale til Gramstad over sju topper. Frivillig, dugnad, drikkestasjon på Gramstad.
Bli frivillig
Bli medlem
Stranddalen turisthytte sommeren 2022.
Bli medlem