Bli frivillig i Seljord turlag
Me treng fleire frivillige med på laget i Barnas Turlag ( for born i alderen 0-12 år) og i DNT Junior (for ungdomar i alderen 12-16 år)
Publisert: 05. mai 2023
DNTs tilbud
Det er moro, sosialt og tiveleg å vere frivillig i desse gruppene. Du kan då vere med på å planlegge og gjennomføre ulike aktivitetar, ettersom kva du likar best å gjere. Ingen forkunnskapar er nødvendig, du vil få tilbod om relevant opplæring. Me har 4-6 aktivitetar årleg, så det er ikkje mykje arbeid på kvar. Du blir heller ikkje aleine. Me samarbeider med Kviteseid, deler på å ha hovudansvar for ulike turar, og hjelper kvarandre ved behov. Slik er me fleire vaksne å spele på. Vil du også vere med på å tilrettelegge for fine friluftsaktivitetar for barnefamiliar og ungdomar? Ta gjerne kontakt :-)
Del artikkel:
Del på e-post
Se også
Bli frivillig
Bli frivillig
Bli DNT-medlem
Bli DNT-medlem