Om Naturfestivalen
Vi ønsker velkommen til Naturfestivalen i Ørsta og Volda 8. til 16.august 2026. Festivalen for alle som elsker friluftsliv! Frå 2025 er det DNT Sunnmøre som er arrangør av Naturfestivalen.
Hver sommar samlar Naturfestivalen friluftsinteresserte frå heile regionen til ei heil veke med naturopplevingar i Ørsta og Volda. Festivalen, som har vore arrangert i mange år, feirar friluftsliv, fellesskap og den imponerande Sunnmørsnaturen med eit rikhaldig program av turar, kurs, familieaktivitetar og foredrag.
Festivalen er i august, og byr på alt frå guida toppturar og 3/4/7-fjellstur, teltleirar og blåbærturar til naturyoga, markvandringar og kløverturar – både for born, vaksne og seniorar. Programmet inkluderer aktivitetar for alle nivå, og mange av dei er gratis eller har låg pris.
Naturfestivalen er eit samarbeid mellom DNT Sunnmøre og lokale lag og organisasjonar, og speglar det beste av det som Ørsta/Volda-området har å by på – frå Hjørundfjorden sine fjordlandskap til Sunnmørsalpane sine majestetiske tindar.
Festivalen er også ei viktig møteplass der folk kan dele naturopplevingar, lære nytt om uteaktivitetar og inspirere kvarandre til meir friluftsliv.
Se også