Samarbeidspartnare
Naturfestivalen handlar om å bidra til at Ørsta/Volda skal vera ein god stad å bu og introdusere fleire for friluftslivet. For at me skal få til eit spennande program, og kunne halda deltakaravgifta nede ønske me oss ei breidd av lokale samarbeidspartnarar. Kan bedrifta di tenkja seg å vera samarbeidspartnar for å realisera Naturfestivalen?
Samarbeidspartnarar
Me ønskjer alle aktørar og bedrifter velkomne til å vera samarbeidspartnarar til Naturfestivalen. Først og fremst håpar me Naturfestivalen kan vera ein arena for å la dei tilsette bli tryggare med friluftsliv, men også ei moglegheit for å synleggjera bedrifta lokalt.
Næringsliv og andre som vil bidra til å laga ein folkefest
Det er gøy om det også skjer andre ting enn friluftsliv under Naturfestivalen:
- Butikkar: kan de laga relevante tilbod eller konkurransar?
- Utestader: kanskje de kan ha temafestar? Eller konsertar?
- Bedrifter: Kva om dykk bruker desse dagane til friluftsaktivitet? Gå ein tur eller et lunsjen ute i frisk luft ein eller to gonger denne veka? Organiser ein fjelltur før eller etter jobb?
- Institusjonar og andre som tek vare på andre: Bli med på aktivitetar? Ta kontakt og organiser utflukter for deltakarane deira eller kanskje også ilag med andre deltakarar?
Frivillige lag/organisasjonar
Vi håpar å få til eit spennande og variert friluftsprogram for alle på Naturfestivalen. Vi oppfordrar aktørar som brenner for friluftslivet til å være med å på festen gjennom å skapa meir aktivitet. Ta kontakt med oss om dere vil være med på laget!
Våre samarbeidspartnere
Sparebanken Møre 
Sparebanken Møre har vore den solide hovudsponsoren vår. Banken viser eventyrleg entusiasme for å skapa engasjement for friluftsliv og buglede i Ørsta/Volda. Det er tydeleg for banken at det å leggja til rette moglegheiter for dei tilsette å vera aktive innan friluftsliv er viktig. Takk for støtta!
Kontakt oss
Ta gjerne kontakt med oss for idear, spel inn, ønske om å vera med og anna.
Lasse Hoel - lasse.hoel@dnt.no, tlf: 45 88 54 01
Se også