Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Overnatting på Målsethytta for 9. klasse ved Flatbygdi skule.

Vik Turlag sponsa i år overnatting på Målsethytta for 9. klasse ved Flatbygdi skule. Same tilbodet er gjeve til Feios Ungdomsskule, det vert kanskje til hausten.9.klasse fekk i oppdrag å ta bilde og skrive litt som me kunne publisere, her kjem det.

Publisert: 23. juni 2025
Nyhet
Nils Gunnar Finne Foto:

Brev frå 9.klasse 
Tusen takk til Vik Turlag for ein kjekk tur til Målsethytta! Me var 26 elevar, 2 lærarar og 2 foreldre på tur. Me reiste opp tysdag føremiddag i 12 tida. Der spelte me kort, fiska og laga middag saman. Til trass for dårleg vær, kosa me oss! Me hadde quiz og mesterenes mester på kvelden. Sjølv om det vart litt lite søvn, var stemninga bra når me stod opp. Onsdag åt me frukost saman, vaska og rydda hytta, før me reiste ned igjen. Dette var ei fin avslutting på skuleåret, og ein tur me kjem til å hugse lenge. Takk for oss, og til Vik Turlag som sponsa turen!

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem