Onsdagstur Vidasete - Arnebu i Feios
12.Juni gjekk onsdagsturen til Feios med 22 turdeltakarar. Me køyrde opp traktorvegen frå Lunde til snuplassen på Luftamyri. Gjekk i lauvskog til Vidasete, opp til Liaselet der me hadde ein liten pause og nytte den flotte utsikta. Videre gjekk me inn snaufjellet til kraftsambandhytta og ned att til Breidalsvatnet. Her var mektig natur og flott utsikt ned på Feidjane, dalane rundt oss og over Sognefjorden til m.a. Leikanger. Matpause tok me ved «Arnebu» før gjekk turen ned att på parkeringsplassen. Flott rundtur med spreke turkameratar i opphaldsvêr. Turleiar Gunnhild Marie Sætre
Publisert: 17. juni 2024
Nyhet
Fleire bilder fra onsdagstur-Vidasete-Arnebu.
Del artikkel:
Del på e-post
Se også
Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli medlem
Bli medlem