Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Onsdagstur til Varpet

Den 14. mai blei det ennå ein fin onsdagstur, denne gongen til Varpet.

Publisert: 20. mai 2025
Nyhet
Foto: Karen Weichert Foto:

Det var 8 glade turgåarar som møtte opp på kaia. Det blei felles køyring til Tenål, der vi starta turen opp Tenålsmarki. Fyrste vegstykket var ganske bratt, men så blei det betre. Vi gjekk forbi ein stor stein med ei huldrehistorie før vi kom til fyrste utsiktspunkt med fin utsikt over Vik sentrum og Bøsdalen. Så gjekk turen vidare opp til Abnastøl og Varpet. På Varpet hadde vi ein lengre pause, og jamen fekk vi eit musikkinnslag på turen denne gongen óg, Torstein spelte to fine melodiar på munnspel. So gjekk vi vidare på skogsveg og nedover igjen gjennom flotte beiteområde, til vi kom på Hagavegen og til Steim. Siste etappen gjekk via Følid tilbake til Tenål. Takk til alle som var med!

 

Foto: Karen Weichert

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem