Onsdagstur Huldafossen i Fresvik
Onsdag 5 juni hadde Vik turlag onsdagstur til Huldafossen i Fresvik. 24 glade turdeltakarar møtte opp i Fresvik og vi køyrde saman til vårstølen Engi. Me gjekk inn til Storedalen på en fin tørr sti som går igjennom skog langs Storelvi. Framme i dalen opnar skogen seg og eit spektakulær skue syner seg, med Fresvikbreen, Huldakyrkja og fossane som stuper ned. Sauer og hestar beita rundt oss. Me var helt oppe med fossane, naut det vakre synet i den urørte Storedalen, før me gjekk same veg tilbake. Vergudane var snille med oss, me fekk berre ei lita regnbye. Kjekk tur med kjekke folk. Turleiar Øydis Kleppe Bøtun
Publisert: 17. juni 2024
Nyhet
Her er bilder fra turen.
Del artikkel:
Del på e-post
Se også
Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli medlem
Bli medlem