Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside
Tilbake til Aktuelt

Helgatur 16.- 18. august på Leirvassbu i Jotunheimen.

Publisert: 23. august 2024
Nyhet

Vik Turlag sin årlege helgatur var i år 16.- 18. august på Leirvassbu i Jotunheimen.

Me reiste inn fredag ettermiddag og laurdag var me var 10 stk som starta med friskt mot i lett regn. Målet var Stetind, men vermeldinga var dårleg så me var ikkje bestemt på å nå heilt fram.

Turleiarar var Jon Arne Kvåle og dotter Eirin Teigen Kvåle. Sistnemnde har jobba fleire somrar på Leirvassbu og Jon Arne har vore på alle 2000 m toppane i Norge og kjenner Jotunheimen og fjella veldig godt. Begge har vore på Stetind fleire gonger.

Toppen av Stetinden er 2020 moh. Me starta på 1400 moh så dette er ein grei tur i greitt ver, men  veret var ikkje heilt greitt. Di høgare me kom, di dårlegare vart veret, med regn, sludd, litt skodde og kraftig vind måtte me stoppe då me kom til Sør-toppen, 1985 moh. Då var det att berre ca 500 m, men å snu var eit godt val av dei røynde turleiarane våre. Me kom oss trygt tilbake til Leirvassbu og fekk oss ein varm dusj og god middag. 

Søndagen starta med minst like dårleg ver, så me bestemde å reise tilbake over Sognefjellet til Fortun og gå til Fuglesteg. Sjølv om nokon av turdeltakarane hadde vore der før, så er det ein stad ein kan gå fleire gonger. Og det er god trim med 3,3 km og over 600 høgdemeter – i regnklede J

Då er det godt å komme i hus og ete nista under tak. Luster Turlag eig og driv Fuglesteg. Det er sal av  kaffi og hellekaker og det er fyr i omnen.  Me tørka opp litt før me gjekk ned att og vart like våte EIN gang til.

Mottoet er : det finns ikkje dårleg vær, berre dårlege klær.  Og me hadde gode klær

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem