Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside
Tilbake til Aktuelt

Fagerdalsnipi

Publisert: 13. september 2024
Nyhet
Gruppe Foto: Svenn Finden

Tur Fagerdalsnipi 8.september

Flott tur med berre 4 påmeldte. Starta på Tenne kl 0815. Perfekt vær til å gå opp Tenneslia til Vatnane. Fin utsikt utover Arnafjorden på vegen opp. På Vatnane passe det med ein matpause før vi gjekk vidare mot kanten av Finnafjorden med utsikt ned i Finden og Finnabotn. Vidare langs kanten og opp til Fagerdalsnipi. Ikkje så mange som har besøkt Fagerdalsnipi i sommar men det var ikkje akkurat det beste fjellværet i august. I dag var det flott. Måtte besøke Torskanesgluvra. Mykje meir spektakulert enn Trolltunga og i tillegg ingen kø for å ta bilde. Turen ned att gjekk via stølen Roset og ned til Nese. Kort matpause på kanten ned mot Roset. Fantastisk utsikt ned mot Framfjorden, Indrefjorden, Nese og Eitrastrondi. Vi var nede på Nese kl 1730. Lang tur men mange og flotte inntrykk, luftig og fantastisk utsikt. Deltakar som kom heilt frå Raufoss skrytte av turen og utsikta med kommentaren -Dette var noko anna enn Trolltunga.

Takk for turen!

 

Foto:Svenn Finden

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli frivillig i Sogn og Fjordane
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem