Bakketrimmen 2026
Bli med på Bakketrimmen 2026
Skrevet av: Rolf Engløkk
Bakketrimmen byrjar 1.april og held fram til og med 30.september.
Postane er Dekkene, Borlo – Ulvisbakken (ny), Hedlerstegkrysset, Gravdalen på Seltaåsen, Dragesete (ny), St. Olavskjelda (ny) og Kropp.
Me legg ut turbøker men ikkje klippetang, og alle postane har turbokkasse, og alle har eit skilt med tekst «BAKKETRIMMEN.»
Bakketrimkort får ein kjøpt på Lærdal Grønt, det er eit «universalkort» du kan nytta både til Bakketrimmen og Stølstrimmen, skriv kva det gjeld om du nyttar kort, lever det inn på Lærdal Grønt innan 15. oktober 2026.
Registreringa vert som før på kortet, eller på appen SjekkUT, alle postane er lagt inn der. Kortet kostar i år 100, 200 kr for familie, og du må sjølv krysse av på kortet kor du har vore. Vel du berre SjekkUT betalar du 100 kr til turlaget på VIPPS nr 602939, skriv kven og kva det gjeld.
Alle som har fullført Bakketrimmen får ein liten premie, me trekker og ut to gåvekort à 1000 kr blant dei som har fullført.
Se også