Vakt på Måsvassbu i over 30 år
Det starta på 70-talet og slutta ikkje før koronaen kom.
Skrevet av: Stein Siem

Eldrid Dahle (83) og Inger Mittet (74) er begge frå Mittet og er gode venninner. Dei hadde lenge lagt merke til fjellfolket frå Molde som var på veg opp eller ned Mittetdalen, på veg til eller frå Måsvassbu. Ei DNT-hytte på fjellet var ikkje akkurat dei dei hadde brukt fritida si på verken i barndomen eller i vaksen alder. Men dei var nysgjerrige på dette fjellivet og fekk etter kvart kontakt med dei som organiserte dugnadsarbeidet på Måsvassbu.
- Det heile starta med at vi tok på oss å vaske ned hytta og å ta med heim sengekleda for å vaske dei og legge dei reine på att, fortel Eldrid. Dermed var engasjementet begynt og løypa lagt for ei veke som hyttevakt i til saman over 30 år.
- Vi kalla det etter kvart «husmorferie», fortel Inger og smiler. Dei første åra var ungane med til fjells den veka dei var der. Dei var enno så små at dei ikkje kunne vere heime åleine. Men etter kvart vart det ei «friveke» for dei to venninnene. Dei kosa seg i lag, gjekk mange turar i lag og det vart tid til gode samtalar både med kvarandre og med gjestane som kom for å overnatte i hytta.
- Det beste av alt var at her var det ingen som fekk tak i oss. Mobiltelefon hadde vi sjølvsagt ikkje dei første åra. Heller ikkje etter at alle hadde sine eigne mobiltelefonar var dei tilgjengelege. Enno dag er det ikkje dekning akkurat på hytta.
- Det er fint at folk kan prate med kvarandre i staden for å sitje i kvar sin stol og stirre ned i telefonen, seier Eldrid og meiner det er noko med heile poenget med slike felleshytter i fjellet. Ho meiner det er samvær og samtaler rundt middagsbord og sofabord folk gjerne vil ha. Det kan både skape nye kontakter og nye venskap.
Erfaring
Det er truleg av dei aller mest erfarne hyttevaktene på Måsvassbu vi sit og snakkar med ein føremiddag på Skrokken, ein times gange frå hytta på fjellet. Det heile starta altså på 70-talet og det siste året vart 2019. Då hadde dei meldt seg også for ei veke i juli 2020, men det sette altså koronaen ein stoppar for.
- Da var det så mange restriksjonar og så mange reglar å ta omsyn til at vi rett og slett mista lysta. Vi sa det frå oss. Og med det vart det slutt for vår del, fortel Eldrid. Inger seier ho ofte tenkjer at dei skulle ha begynt på att. Men ho ser og at alderen no spelar inn og at det er ei tid for alt.
Kva er bra med at DNT-Romsdal har ei slik vaktordning?
- Vår erfaring er utan tvil at mange set pris på at det er nokon der som veit om turar, som kjenner hytta ut og inn og som kan kome med råd og vink om både det eine og det andre. Rett og slett vere DNT sitt ansikt når folk kjem, fortel dei to erfarne hyttevaktene. Elles i instruksen står at dei skal sjå til at hytta er i orden, at det er friske blomar på borda og at det ryddig og reint over alt.
- Men dei aller fleste, nesten alle, er flinke til å vaske, ordne og rydde etter seg. Det er ikkje ofte at vi har trødd til fordi nokon ikkje har ordna etter seg, fortel Inger. Ho legg til at om det var kaldt, så kunne dei fyre opp i omnane for å gjere det ekstra koseleg for dei som kom, kanskje både blaute og kalde.
De to må vel vere av dei beste hyttevaktene som Måsvassbu har hatt gjennom tidene?
- Ja, det er vi sikkert. Vi brukte forresten alltid å vaske og riste matter både på kjøkenet og stua før vi gjekk ned att etter ei veke. Kjekt at det luktar grønsåpe. Er det ikkje, smiler Eldrid.
(Denne artikkelen sto først på trykk i Romsdals Budstikke 31. august 2024 i forbindelse med markeringen av Måsvassbu 90 år)
Se også

