På fjellet i over eitt år
- Ja, eg er heilt sikker på at eg har budd der i over eitt år.
Skrevet av: Stein Siem

Vi har parkert bilen ved Skrokken lengst framme i Mittetdalen. Det er her mange set frå seg bilen og tek ryggsekken på ryggen når dei skal til Måsvassbu. Anten her eller i Langedalen som er ein sidedal til Vistdal. Kanskje kjem dei frå Isfjorden over Loftskaret, eller dei kjem, som det har blitt meir av dei seinare åra, frå Skorgedalsbu gjennom Ljøsådalen og over Såtskaret.
Vi står her saman med 86-åringen Einar Dahle. Han lar blikket ta turen oppover lia mot Måsvassbu. Mot fjella Måsvasstind og Blåtind og mot Storfjellet, ein stor og tung vegg som held Måsvassbu ute av synet og som gjer at turen opp tek rundt ein time. Einar har gått her før. Utruleg mange gonger. Med hammar og sag i sekken til eit snikkaroppdrag der oppe på Måsvassbu. Han har vore fagmannen heilt sidan han tok turen dit den første gongen så tidleg som i 1968.
Men no ser Einar mest på skiltet som viser retninga og stien. 86-åringen er ikkje heilt sikker, men trur at han kanskje har vore på hytta for siste gong. Han trur ikkje det blir noko tur til hausten då det skal markerast at Måsvassbu er 90 år. Han innrømmer lett at stien er brattare enn før og at snublesteinane er fleire. Glattere og meir gjørmete er det nok og.
- Alt til sin tid, seier Einar.
Spor etter seg
Men Einar har sett spor etter seg på Måsvassbu. Utruleg mange spor, både små og store. I mange tilfelle er det han som har vore både arkitekten, ingeniøren og handverkaren. Det er han som har kappa plankane og fjølene og det er han som har slått inn dei fleste spikarane, både ute og inne. Det var Einar dugnadsgjengen ringde til då prosjekta anten var for store eller for vanskelege.
- Ja, eg bodde der fleire veker i slengen ein del gonger.
Det store tilbygget på baksida, den nye verandaen på framsida, eit dobygg og ikkje minst sikringsbua. I tillegg ombygging inne og skifting av dører og vindu.
- I starten var det sjølvsagt berre handverkty. Det tok tid då eg måtte skjære lange plankar på langs med håndsag og alt vart spikra med hammar, smiler Einar, tydeleg stolt over det han har vore med på og spora han har etterlate seg i denne hytta på fjellet.
- Eg likte meg fole godt på fjellet. Det vart nok mange lange dagar når eg var der, men eg vart kjent med mange og det var mykje fint fellesskap. Det var mange som la sjela si i dette frivillige arbeidet på Måsvassbu. Det var inspirerande å få vere ein del av og vere saman med folk med slike haldningar, seier Einar og fortel at å bygge Sikringsbua i 1988 nok var det største av alle dei store prosjekta han har vore med på. Arbeidet vart starta i 1988 og avslutta i 1989. På toppen av det heile hadde stormen hatt krefter til å flytte hytta litt på søylene i løpet av vinteren og det vart ein storjobb å få bygninga tilbake på plass.
- Alt tek nok meir tid på fjellet. Du har ikkje alle hjelpemiddel på plass og det er krevjande når du til dømes går tom for eitt eller anna. Eg kan huske at det vart for lite skruar ein gong. Vi fekk kontakt med Ragnar Fagerlie i Molde over satellittelefon og han kasta seg på sykkelen og sykla til Mittet og Skrokken. Han kom opp med skruane eg skulle ha og snudde i døra for å rekke å sykle tilbake til Molde før det vart mørkt.
Nansen og Amundsen
Og i samme rennet fortel Einar ei anna historie. Frå den store snøvinteren i i 1968 då både fjellet og hyttene var snødd heilt ned. Han vart med til fjells på ski fordi lemmane på vindua hadde blåst ned og eitt vindu var knust.
- Inne var det ein halvmeter med snø og to store bilete av Nansen og Amundsen låg på golvet dekt av snøen. Vi tok med vinduet ned, fekk sett inn nye ruter og gjekk opp att neste dag for å setje vinduet inn att, fortel Einar og illustrerer med det kva innsats som har vore lagt ned gjennom åra for å halde hytta i stand.
- Den første jobben min var å skifte taket, seier Einar når han skal oppsummere ein del av dei mange prosjekta han har vore med på. Torvetaket var heilt øydelagt og troet så dårleg at dei ikkje kunne gå på det. Men nytt tak vart det og Einar trur ikkje det var diskutert å legge torv på nytt. I dag er det papp på taket på den snart 90 år gamle hytta.

- Har du blitt æresmedlem i DNT?
- Nei, det har eg ikkje. Det har eg heller ikkje tenkt på nokon gong. Men det kjennest ærefullt å ha fått lov til å vere med å setje spor etter seg på denne måten.
- Skal du opp og delta på 90-årsmarkeringa?
- Det har eg heller ikkje tenkt på. Eg trur eg hadde klart det, men det er ikkje sikkert eg bør ta den utfordringa. Eg kjenner meg ganske sprek, men då eg var ung syntest eg at folk som var 86 år var utgamle. Eg blir 86 i september og det er ei tid for alt, seier Einar Dahle.
(Red.anm: Einar kom på Måsvassbu på 90-årsfeiringen som en overraskelse for de fleste).
(Denne artikkelen sto først på trykk i Romsdals Budstikke 31. august 2024 i forbindelse med markeringen av Måsvassbu 90 år)

Se også

