Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Mor Måsvassbu

- Dei hadde bruk for ei dame. Det er mykje det trengs ei dame til på ei slik hytte.

Publisert: 04. desember 2024
Skrevet av: Stein Siem
Nyheter
Olga Hoemsnes heime på Kringstad i Molde. Foto: Stein Siem

Vi møter Olga Hoemsnes i heimen sin på Kringstad i utkanten av Molde. Ho tenkjer attende på eit langt liv i hyttekomitéen for Måsvassbu. Ho starta sitt dugnadsliv for DNT så langt tilbake som i 1970-71. Då engasjerte ho seg i utstyrskomitéen og turkomitéen. Dessutan hadde ho vore på tur med familien til Måsvassbu nokre gonger. Svaret vart difor JA med stor både glede og entusiasme då ho vart spurt om å vere med i hyttekomiteen for Måsvassbu. Molde og Romsdal turistforening var namnet den gongen og leiar var Ragnar Fagerlid.

- Dei mangla nok ei dame, smiler Olga (86). Ho fortel av det var mange driftige karar som gjorde utruleg mykje arbeid, men at det nok var eit behov for ei driftig dame til å ta ansvaret for reinhald, sengetøy og for korleis hytta skulle sjå koselig ut inne.

- Jau, det vart brent ein del dyner og madrasser og det var heilt nødvendig, fortel Olga om den første tida ho var med.

Og det skulle bli over 40 år i hyttestyret. Olga fortel at dei hadde ein flat struktur i gruppa og at dei eigentleg var ansvarlege i lag.

Vi var ein god gjeng og vi var gode i lag, fortel Olga. Ho vil likevel halde fram Ragnar Fagerlie og Jon-Helge Indbjør for deira årelange og iherdige innsats.
Olga fekk likevel sine ansvarsområde etter kvart. Det var ho som sette opp vaktlistene for hyttevaktene og det var ho som stod for utleige av heile hytta til skoleklasser, til lag eller organisasjonar eller til eit eller anna jubileum.

I dag er du nesten 87 år. Saknar du livet på Måsvassbu? 

Ja, eg saknar det veldig. Det var utruleg kjekt. Men i 2020 kjente eg at det var nok. Etter det har eg heller ikkje vore der oppe.

Olga meiner at det å ha vakter på hytta har vore veldig viktig. Det er ikkje alle som kjenner til DNT-kulturen og det er på langt nær alle som er godt trent til å ferdast mykje i fjellet. Mange treng både rettleiing og ulike former for hjelp.

- Dette dugnadsarbeidet har gjett meg mykje. Eg har møtt mykje folk, blitt kjent med mange, fått gode vener. Eg har og kome meg mykje ut i frisk luft og på mange turar i fjellet, seier Olga. Ho meiner det frivillige arbeidet vil vere like viktig i åra framover, men ho er redd det ikkje blir like lett å rekruttere frivillige framover som det var før.

- Det er meir egoisme blant folk i dag, seier Olga.

Ho vil likevel avslutte med å skryte av fjellfolket ho har møtt gjennom alle desse åra. Kanskje er ikkje alle like godt trent som før, men dei aller fleste har gode haldningar og verdiar som må til for at slike hytter i fjellet skal fungere.

  • Vi kjem ikkje utanom at svært mykje av arbeidet framleis må gjerast på dugnad. Viss ikkje blir det fort for dyrt for ein familie med fjellferie på slike hytter, avsluttar Olga Hoemsnes.

(Denne artikkelen sto først på trykk i Romsdals Budstikke 31. august 2024 i forbindelse med markeringen av Måsvassbu 90 år)

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem