
Hytter og ruter - DNT Gudbrandsdalen
Vi merker og vedlikeheld både Peer Gynt-stien og husmannsplassen Øvre Skar. I tillegg bidreg vi til at gapahukar blir bygde, andre stiar blir vedlikehaldne og at fleire kjem seg ut på tur i Gudbrandsdalen!

Øvre Skar
DNT Gudbrandsdalen er stolte over å ha vore med på å settja i stand og ta vare på Øvre Skar. No har vi også teke over ansvaret for vedlikehaldet og bruken av husa. Her kan du nyte den fantastisk utsikta når du er innom på dagstur eller drikk morgonkaffen din etter ei natt i eldhuset.
Turbeskrivingar:
Gapahuken ved Svinntjønna

Gapahuken ved Svintjønna er eit flott turmål på vestsida av Gudbrandsdalen opp for Harpefoss. Den ligg sentralt til for både sommar- og vinterbruk. Peer Gynt-stien passerer gapahuken og Skodalsåa kultursti startar her. På vinteren ligg gapahuken i eit skiløypekryss. Svaberget på staden innbyr til bading, og er også ein mykje brukt fiskeplass.
Det er fleire vegar til gapahuken:
- Du kan starte frå Gålå handel og gå Peer Gynt stien fram til Svintjønna. (ca 3 km)
- Du kan kjøre til Baukholstulen og gå Peer Gynt stien om Skjerellkampen til Svintjønna. (ca 3.5 km)
- Du kan gå Skodalsåa kultursti frå Bauk- holsltulen til Svintjønna. (ca 3 km)
Kong Haakon den 7. hytte:
Turen til Kong Håkon den 7. hytte, også kjent som Lomdalshytta, er en vakker skogstur som passer for deg som ønsker en hyggelig dagstur. Ruta går gjennom variert skogsterreng med jevn stigning og er godt merket hele veien.
Turen begynner på Graslisæter der det er muligheter for parkering. Veien opp hit er bomvei. Noen steder er det vått og goretex sko kan anbefales. Stigen er godt merket, og du vil allerede etter 700 meter skimte hytta. Utsikten kommer tidlig, og du ser helt til de hvitkledde toppene som ligger i Rondane.
Hytta ligger 2,7 km fra startpunktet og du bruker omtrent 1,5 time én vei i rolig turtempo. Det er tydelig skiltet, noe som gjør orienteringen enkel. Stigningen på 145 meter fordelt over distansen gjør turen overkommelig, men litt mer krevende enn en helt enkel skogstur. Det er muligheter for å inn i hytta, der det er sittebenker, om man ønsker å ta pausen innendørs.
Ved hytta er det utedo og god plass til å raste.
Vår eiga hytte ved Polfoss
Sidan DNT Gudbrandsdalen vart stifta i 2007 har draumen om ei eiga hytte vore der. Da stiftelsen Kaare Berg tok kontakt vinteren 2022 og fortalte at dei var på utkikk etter ein organisasjon som kunne ta i mot og ta vare på fleire gamle bygningar vart vi interessert. Gåva gjer at DNT Gudbrandsdalen kan etablere si fyrste turisthytte der hovudbygningen er eit rammeloft sett saman av material frå Gudbrandsdalen. Hytta er planlagt ved Pollfoss i Skjåk og vil kunne by på naturopplevingar året rundt.
Les mer om hytta: Flott hyttegave til DNT Gudbrandsdalen
Øvre Skar
Øvre Skar er ein gamal husmansplass som ligg i kryssingspunktet i den delen av Peer Gynt stien som gå frå Gålå til Sulseter og Pilegrimsleia gjennom Gudbrandsdalen. Øvre Skar består i dag av to hus, eit tidlegare eldhus og ei stabbur.
Les mer om hytta: Øvre Skar

Se også

