Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Øvre Skar

DNT Gudbrandsdalen er stolte over å ha vore med på å settja i stand og ta vare på Øvre Skar. No har vi også teke over ansvaret for vedlikehaldet og bruken av husa. Her kan du nyte den fantastisk utsikta når du er innom på dagstur eller drikk morgonkaffen din etter ei natt i eldhuset.

Øvre Skar er ein gamal husmansplass som ligg knapt 600 m.o.h i den bratte lia på austsida av Gudbrandsdalen opp for Harpefoss i Sør-Fron kommune. Plassen ligg i kryssingspunktet i den delen av Peer Gynt stien som gå frå Gålå til Sulseter og Pilegrimsleia gjennom Gudbrandsdalen.

Denne delen av Peer Gynt stien knyter saman DNT stignettet på vestsida og aust-sida av Gudbrandsdalen. 

Tips! Slik kjem du deg til Øvre Skar: Fleire vegar til Øvre Skar

Øvre Skar består i dag av to hus, eit tidlegare eldhus og ei stabbur. Eldhuset har to sengeplassar, vedomn og propan for matlaging. Stabburet har fire sengeplassar med propan for oppvarming.

Kodelås på Øvre Skar

Alle husa er låst med kodelås. For å få koda kan du ringe: 

Pilgrimssenteret Dale-Gudbrand v/ Per G. Hagelien, tlf. 45 60 46 08.

DNT Gudbrandsdalen v/ Helle Hovden, tlf 94 88 42 80

DNT Gudbrandsdalen v/ Kristen Brendhaugen, tlf 95 81 86 73

dør til liten tømmerhytte
På Øvre Skar kan du overnatte i Eldhuset og Stabburet. Eldhuset har 2 sengeplasser.


 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem