Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Vil du bidra med hyttetilsyn i Øvre Skar i sommar?

No er sommaren her, og mange turgåarar legg turen innom Øvre Skar for ei overnatting eller ein rast. For at gjestane våre skal få ei god oppleving, er DNT Gudbrandsdalen innom Øvre Skar éin gong i veka frå veke 23 til 35 for å sjå til at alt er i orden.

Publisert: 05. juni 2026
Nyhet
Foto: Helle Hovden

I år håpar vi fleire vil vere med og bidra!

Vi søkjer frivillige som kan ta hyttetilsyn enkelte veker gjennom sommaren. Du vel sjølv kva veke som passar for deg, og du bestemmer sjølv kva dag du går. Vi set stor pris på all hjelp – enten du kan ta éi veke eller fleire.

Turen inn til Øvre Skar er lett og fin. På nettsida vår finn du informasjon om staden og forslag til vegval. Oppgåvene er enkle, men viktige:

  • Sjå til at det er ryddig og i orden i Stabburet og Eldhuset
  • Kontrollere at det finst nok vaskemiddel og stearinlys
  • Sjekke at gjestane ikkje har lagt att søppel
  • Melde frå dersom noko treng oppfølging

Vi treng hjelp i følgjande veker:

Veke 24, 25, 28, 29, 32, 34 og 35

Dette er ein fin måte å bidra til friluftslivet på, samstundes som du får deg ein hyggeleg tur i fjellet.

Har du lyst til å hjelpe?

Ta kontakt med Helle Hovden, leiar i sti- og dugnadsgruppa i DNT Gudbrandsdalen, på telefon 948 84 280 for meir informasjon eller for å melde di interesse.

Velkomen som frivillig!

 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem