Vårdugnad i Øvre Skar
Tolv ivrige dugnadsdeltakarar møttest i Øvre Skar laurdag 9. mai for å gjere klart til sommarsesongen. Med stor arbeidslyst fekk dei unna både vask, vedlikehald og rydding – og no står Øvre Skar klart til å ønskje nye gjester velkomne.
Laurdag 9. mai møttes 12 personer til vårdugnad i Øvre Skar. Dagen starta med den fine gåturen inn til Skar. Dei fleste gjekk frå Øvre Sødorp, ein gjekk inn frå sør og ein gjekk T-stigen opp frå Solbrå.
Vi fordelte arbeidsoppgåver og vi fekk gjort alt på planen og meire til:
- Rundvask på Eldhuset og Stabburet
- Skifta sengeklær og bytta batteri i røykvarslarar.
- Raka og gjort fint rundt husa, planta 3 stauder.
- Tømt utedassen og rundvask der au..
- Hogd eit par trefall på innmark og klyvd ved.
God pause med rundstykker, fersk kringle og kaffe der praten gjekk lett.
Tusen takk til dugnadsgjengen for god hjølp og stor arbeidslyst.
Nå er Øvre Skar klar til å ta imot sommergjester, ønskjer alle hjertleg velkome. Overnatting koster 150 kr natta og for born opp til 12 år er det gratis.
Trykk her for meir info om Øvre Skar
Turhelsing frå Helle // leiar for sti og dugnadsgruppa i DNT Gudbrandsdalen
Foto: Helle Hovden
Foto: Helle Hovden
Foto: Helle Hovden
Foto: Helle Hovden
Foto: Tove M. Dahlen
Foto: Tove M. Dahlen
Se også