Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

🍂 Haustferietips: Ta turen til Øvre Skar! 🍂

Haustferien er like rundt hjørnet – kva med å bruke han til frisk luft, stillheit og vakker utsikt? 🥾 Øvre Skar er ein gamal husmannsplass som ligg knapt 600 meter over havet i fjellsida ovanfor Harpefoss i Sør-Fron. Her får du både kulturhistorie og natur i same pakke!

Publisert: 03. oktober 2025
Nyheter
Øvre Skar
Foto: Helle Hovden

Plassen ligg midt i kryssingspunktet av Peer Gynt-stien og Pilegrimsleia, og er ein viktig del av stinettet som bind saman aust- og vestsida av Gudbrandsdalen. Turen hit gir deg både eventyrleg utsikt og ein smak av gamle dagar. 

Slik kjem du deg til Øvre Skar: Trykk her!

 

✨ Overnatting med særpreg
 Øvre Skar består av to små hus:

🔥 Eldhuset med to sengeplassar, vedomn og propan til matlaging

🌲 Stabburet med fire sengeplassar, propan til mat og oppvarming

Perfekt for deg som vil oppleve eit enkelt, men stemningsfullt opphald.

 

💰 Pris

Born under 14 år: Gratis

Kvile/bruk av hus: kr 50 pr. turfølge

Overnatting: kr 150 pr. person

Betal via konto 2085 25 02399 eller Vipps til 118418.


🔑 Praktisk info
 Husa har kodelås. Koden får du ved å ringe:

Pilgrimssenteret Dale-Gudbrand v/ Per G. Hagelien: 45 60 46 08

DNT Gudbrandsdalen v/ Helle Hovden: 94 88 42 80

DNT Gudbrandsdalen v/ Kristen Brendhaugen: 95 81 86 73

 

🍁 Tips: Pakk niste, gode sko og ta med familien eller vennegjengen. Nyt fargane, stilla og historia som ligg i veggane på Øvre Skar. Ein hausttur du garantert vil hugse! 🌄

Staburet har fire dengeplasser. Gass til mat og oppvarming. Hugs å ta med eigne sengeklede eller sovepose om du skal overnatte. Foto: Helle Hovden

Eldhuset har flott utsikt, to sengeplasser, vedfyring og gass til matlaging. Foto: Helle Hovden

Takk til dei friviljuge som har tilsyn med Øvre Skar og ser etter at alle besøkjnade forlet plassen like fin som da dei kom. Foto: Helle Hovden

Nytt gjerne veden til å gjera opp i omnen i eldhuset. Foto: Helle Hovden.

God tur og god haustferie! Foto: Helle Hovden

 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem