Logo
Til DNT.no forside
Til Aktuelt

VELKOMMEN TIL DEN NYE DRIVHEILØYPA I GJERSTAD

Stadig fleire oppdagar nå denne lettgåtte løypa. Her kan du gå på bart fjell nesten heile runda, under spreidde klynger av gamal furuskog og opp til den vide utsikten. Slik kjem du fram til startpunkta: Følg skilt mot Kleivvann i Gjerstad. Betal vegavgifta på 30 kr, pr bil eller årskort 300 kr. (Vipps nr. 594895 eller kontant).

Publisert: 20. september 2023
Skrevet av: Ole Jakob Bråten
Nyheter
Foto:

Køyr inn til Kleivvann og den store parkeringsplassen, og fortsett forbi bommen etter brua.

Vegbommen der står open i barmarksesongen slik at folk kan køyre inn til turområda. (Om vinteren blir denne delen av bilvegen brukt til skiløype).

I krysset ved den gamle gapahuken, (inne i enden av Kleivvann) har vi to val:

  1. Køyr til venstre 2,2 km for å kome inn til P-plassen ved Torbjørnsli.
  2. Køyr til høgre 1,2 km for å kome til P-plassen ved Kleivvasstjenna. (Fortsett 800 meter forbi den nye gapahuken oppe på bakketoppen).


Frå P-plass i aust ved Kleivvasstjenna er rundløypa på 6,5 km og frå P-plass i vest ved Torbjørnsli er den på 4,8 km. 

(På kartet over har barmarksløyper blå farge, mens skiløypa har raud stipla linje).

Infotavle ved P-plass Torbjørnsli. Her parkerer du i kanten av bilvegen.

Frå P-plass Torbjørnsli kjem vi alt etter 40 meter inn på fjellbanda og snart bort til idyllisk bekk. Dette er den enklaste tilkomsten for barn og eldre. Etter 400 meter er vi alt framme ved stikryss for rundløypa.

Opp frå Torbjørnsli. Foto: Ole Jakob Bråten
Stikryss for rundløypa ovanfor Torbjørnsli. Foto: Ole Jakob Bråten
Infotavle ved P-plass Kleivvasstjenna. Foto: Ole Jakob Bråten
Skåptjenn. Foto: Ole Jakob Bråten
Stikryss for rundløypa ved Svåene. Foto: Ole Jakob Bråten

Etter 1,3 km forbi idylliske Skåptjenn og vid utsikt oppe på fjella er vi framme ved rundløypa og stikrysset på Svåene.

Dei 3 stadene som løypa kryssar myr er det lagt ut gangbanar. Foto: Ole Jakob Bråten
Kart som viser berre Drivheiløypa.

 

På Drivheia er det mykje gamal skog og urørt natur. Foto: Ole Jakob Bråten

 

Naturen på Drivheia og sporlaus ferdsel

Hjelp oss å ta vare på den urørte Drivheia. Fyr aldri rett på fjell. Ikkje lag nye bålplassar. Spar all vegetasjon, også gamle tørre furutrær.

Ved sporlaus ferdsel gir vi alle gleda av å sjå Drivheia mest mogeleg urørt. Her ligg steina slik dei la seg når istida slutta for titusen år sidan.

 

Vardane

Vardane er satt opp for å vise veg der det ikkje er tre å merke på, og konstruert etter merkeinstruksen slik at dei skal stå støtt i lang tid. Dei har den grøne lav-kledde sida opp for å gli betre inn i naturen. Vårt mål er å kunne redusere blåmerkinga litt over tid når stiane blir godt oppgått. 

Vær derfor snill å ikkje legg nye stein på vardane. Bygg heller aldri nye vardar.

 

Vegavgift

Ved betalingskassa i starten av vegen til Kleivvann er det dårleg mobildekning dersom du ikkje har Telenor-abonnement. Ved dårleg dekning kan du betale før du kjem, eller straks etterpå når du igjen har dekning. Vegavgifta går til drift av bilvegen, og er nødvendig for å få økonomi til å halde bilvegen open for turfolket både sommar og vinter.


Løypekart

Hugs å ta foto av løypekartet på infotavla ved start. 


Jubileumsgåve

Havrefjell Turlag fyller 20 år i 2023. Drivheiløypa er vår jubileumsgåve til turfolket.

Takk til 18 personar som har brukt over 400 dugnadstimar på dette prosjektet.

Vi gleder oss nå over at så mange har tatt løypa i bruk!


Badeplass

Avslutt gjerne turen med eit bad ute ved Kleivvasstangen like ved den store vinterparkeringsplassen. Der er det fin badeplass.

 

Tekst: Ole Jakob Bråten

 

Les her om Drivheiløypa på Ut.no

Løypa fylgjer dei lettgåtte fjellbanda. Foto: Ole Jakob Bråten

 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem