Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Takk til Vegårshei!

Vegårshei med klart nei til vindkraft og ja til natur. Kommunestyre sa 19. mai eit klart nei til all vindkraftutbygging i heile Vegårshei kommune. Vedtaket blei gjort med 11 mot 6 stemmer.

Publisert: 21. mai 2026
Skrevet av: Ole Jakob Bråten
Nyheter
Blåbærkarta lyser opp om våren. Hurra for fri natur! Foto: Ole Jakob Bråten

Enorme planar

Geitfjell vind la 20. mars fram plan om å bygge fleire opptil 262 meter høge vindturbinar i eit 7800 mål stort høgtliggande område vest i Vegårshei kommune.

Dette ville blitt 9 meter høgare enn masta på Hovdefjell, som i dag er det nest høgaste byggverket i fastlands-Norge. 

Fordi det blåser relativt lite i vårt distrikt blei det her planlagt å bygge vindturbinane 50 meter høgare enn det som er gjort før her i landet. Dette må til for å komme høgt nok til å fange nok vindenergi her hos oss.  

Rekord i høgde ville også truleg gitt rekord i rasering av landskapet 

Ei slik utbygging ville medført ut-sprenging av enorme vegar, og flate standplassar store som fotballbanar rundt kvar vindturbin. Dei opptil 80 meter lange rotorblada ville blitt frakta i fulle lengder på trailerar, heilt i frå E18 og opp til det planlagde vindindustriområdet på heia 450 meter over havet. I Vegårsheis kuperte landskap ville dette kravd svært store naturinngrep. I tillegg kjem bygging av store kraftlinjer.

Drift av vindturbinar medfører også betydeleg støy, forureining og mange fuglar blir slått ned og dør. På grunn av fare for is-kast er det her i landet om vinteren ein sikkerheitssone med ferdselsforbod på opptil 400 meter rundt kvar vindturbin. 

Vi kan legge til at Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) skriv at internasjonale studiar viser at eigedomsprisar kan påverkast negativt i inntil 9 kilometer frå ein vindturbin.

Planen blei trekt tilbake

13 mai trekte Geitfjell vind heile planen tilbake etter at dei blei kjent med at dei ikkje hadde støtte frå nok folk i kommunestyret.

Prinsippvedtaket

Denne saka har vart i lang tid og skapt stor splid i bygda. Kommunen og utbyggar argumenterte i stor grad om fordelar med utbygging, mens dei fleste argumenta mot nedbygging av naturen blei skaffa fram av frivillige organisasjonar. Det var eit godt forberedt kommunestyret som nå vedtok eit tydeleg nei til all vindkraft i heile kommunen. 

Naturen stopper ikkje ved kommunegrenser - Det som skjer i våre nabokommunar gjeld også for oss. 

Andre nabokommunar som også har sagt klart nei til vindkraft:

  • Drangedal
  • Nissedal
  • Åmli
  • (I Kragerø blei vindkraftplanar stoppa av grunneigarane)

Klimakrise og naturkrise

Vår klode har i dag både ei klimakrise og ei naturkrise, og begge krisene må løysast samtidig. Vindkraft som øydelegg og splittar opp viktige naturområde er ikkje berekraftig. Nedbygging av natur førar til både store klimautslepp og tap av arter. Det finnast i dag mange andre gode alternativ for å få nok energi utan så store naturtap.

Kommunevalet 2027

Neste år er det kommuneval. Og vi kan vente at alle listekandidatar kjem til å bli spurt om dei er for eller i mot nedbygging av natur for å lage vindkraftindustri.

Idasblåvenge sug søt nektar av røsslyng. Foto Ole Jakob Bråten.

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem