Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside
Tilbake til Aktuelt

FRÅ SOLHOMFJELL I NISSEDAL KAN VI SJÅ HEILT TIL SVERIGE

Branntårnet på Solhomfjell har ein av distriktets vidast utsiktar. Mange har lurt på kor langt vi kan sjå derifrå. Kåre Dalane, har sendt oss eit spørsmål om vi kan sjå frå Solhomfjell og heilt til Urdenosi eller Sæbyggjenuten. Dette har vi nå eit godt svar på. Utsikten frå Solhomfjell er vidare enn mange er klar over

Publisert: 20. september 2023
Skrevet av: Ole Jakob Bråten
Nyheter
Foto:

Utsyn frå Solhomfjell - Urdenosi eller Sæbyggjenuten?

Det er sagt at ein kan se 25 kommunar frå branntårnet på Solhomfjell. Det er sikkert sant, men eg har aldri sett noka liste på det.

I oktober, for nokre år sidan var eg på Solhomfjell ein fin, klar dag. Eg hadde med kikkert, og langt borte i nord - nordvest fekk eg se ein liten kvit spiss. Det var tydeleg at han var langt borte, og andre stader var det ikkje snø. Eg tok ut ein kompasskurs, og då eg kom heim peila eg på kartet, og fann ut at dette var retningen mot Sæbyggjenuten. Denne toppen ligg på grensa mellom Bykle i Agder og Tokke i Telemark, og er den høgste toppen i Agder fylke med sine 1507 moh. Ein sæbyggje er ein person frå Setesdal.  Men kunne det vere mogeleg å se dit, var det ikkje høge toppar mellom?

Ved hjelp av PC og kart fekk eg lagt ei linje mellom dei to punkta. Avstanden var 86 km. Så fekk eg fram ei høgdekurve som fylgde ruta, og trakk ei linje mellom dei to endepunkta. Siktlinja gjekk over alle toppar mellom. Hågfjell i Nissedal kom høgt opp, men ein kunne se over.

Seinare har eg sett at toppen eg såg òg kunne vere Urdenosi. Han ligg i Tokke kommune, om lag 5 km sør for Sæbyggjenuten, og er 1521 moh. Det er ikkje lett å skilje dei frå kvarandre meir enn 8 mil borte. Sikraste metoden er å ta seg opp på dei to toppane i uvanleg klart og fint ver, ta med seg ein god kikkert, og se om ein kan skimte branntårnet på Solhomfjell. Er det nokon som har lyst på det?

Kåre Dalane

-----------------------------

Urdenosi

Tekst: Ole Jakob Bråten

Takk til Kåre for eit interessant spørsmål!

Då eg i 2010 skulle skrive teksten til boka På tur Gjerstadskogane – Gautefallheia, ville eg ha med eit tal som sa noko om utsikten frå Solhomfjell. Mitt utgangspunkt var akkurat som hos Kåre, den spisse toppen langt der oppe som av og til kunne sjåast snø-klett heilt ute i juni.

Med hjelp av ei utrekning som tok omsyn til jordas krumming kom eg til at dette var Urdenosi i Tokke, og at Sæbyggjenuten var skjult bak andre fjell.

Ved bruk av kikkert og eit godt sikte-kompass kom eg fram til eit anslag over utsikten, og skreiv i boka at: «Her kan du sjå til 4 fylker og om lag 25 kommunar». Denne påstanden har mange gjentatt etterpå. Men er den sann? Nå har vi eit meir nøyaktig svar.

Fasiten

Det finnast nå eit dataprogram der vi kan rekne ut kor vi kan sjå frå eit bestemt punkt.

Her er oversiktskartet som viser kva vi kan sjå frå Solhomfjell. Vi har her tatt utgangspunkt på Solhomfjell 659 moh. (Branntårnet er 16 meter høgare og har litt betre utsikt, men detaljar langt borte blir så små at vi for praktisk bruk valde å rekne ut frå toppen av det faste fjellet).

I kartprogrammet kan du zoome inn fleire detaljer. Det vil nok overraske mange at vi kan sjå 15,7 mil heilt til Bjørnerødspiggen i Strømstad kommune, i Båhuslen i Sverige.

Det blir også slått fast at vi ser godt til Urdenosi, men ikkje til Sæbyggjenuten.

Fleire har feilaktig hevda at dei kan sjå Gaustatoppen frå Solhomfjell. Dette blir her tilbakevist. Gaustatoppen er skjult bak Mælefjell. (Det er toppen på Skorve som folk ser når dei trur at dei ser Gaustatoppen).

På tross av nokre samanslåingar av både fylker og kommunar etter anslaget mitt frå 2010, viser det seg at vi frå Solhomfjell nå kan sjå til heile 4 fylker (Agder, Vestfold og Telemark, Viken og til Båhuslen i Sverige) og til heile 29 kommunar.

Her har eg laga ei liste med dei kommunane som vi kan sjå til frå Solhomfjell. Ein av utsiktstoppane er tatt med i kvar kommune.

Takk til turlagets leiar, Ståle som i 2020 tipsa om dette dataprogrammet som eg har brukt i utrekninga:

https://heywhatsthat.com/

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem