Frå onsdagstur rundt Hundsvann i Gjerstad 8. mai
Turen starta frå Myrkjerr på Vestøl, og gjekk på sti og gamal småkupert skogsveg rundt Hundsvann til Mostjenna på Vegårshei, der me hadde ei god matpause. Det er vårleg i skogen no, og dei første mygga var klekt. Etter pausa følgde me grusveg og sykkelsti tilbake langs nordsida av Hundsvann til Myrkjerr. Turen er 8 km og tok 3 3/4 time. Takk til turleiarane Mary Helena Lie og Mona Hoel og tilsaman 29 turfolk for ein gild tur i godveret. Tekst og bilete: Anne Gunn Østerholt.
Publisert: 08. mai 2024
Skrevet av: Anne Gunn Østerholt
Skrevet av: Anne Gunn Østerholt
Turreferat
Hundsvann sett frå Hundsvassøygard. Foto Anne Gunn Østerholt
Våren sprett langs Hundsvann. Foto Anne Gunn Østerholt
Alle kom seg over bekken. Foto Anne Gunn Østerholt
Rast ved Mostjenna. Foto Kåre Dalane
Turleiarane Mary Helena Lie og Mona Hoel. Foto Anne Gunn Østerholt
Del artikkel:
Del på e-post
Se også
Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Bli medlem