Føremelding: Snøfritt i Gjerstadskogane (Gjerstad og Nissedal)
Nå kan du gå snøfritt til Havrefjell og Risfjell, og snart også til Solhomfjell. Velkommen ut i vårens eventyr! Sjå foto her frå helga 13-14. april 2024. Alle foto: Ole Jakob Bråten.
Skrevet av: Ole Jakob Bråten
Løypa frå Sandtjønn til Havrefjell er nå heilt fri for snø.
Utsikt frå eit snøfritt Havrefjell og over mot Solhomfjell 14. april.
Krikklifjellet i løypa mot Risfjell 14. april.
Bilvegen frå rasteplassen på Heiland og opp til P-plassen ved Stemtjennbekken er nå snøfri. Her er utgangspunkt for turar til Risfjel, Marishei og Solhomfjell. Parker tett slik at det blir plass til alle.
Mot Steinhytta 14. april.
Steinhytta på Risfjell 14. april.
Frå toppen av Risfjell med utsikt til snøen i Lifjell 14. april.
Gjerstad kommunes høgaste topp Marishei 573 moh 13. april, og nesten heilt bart i den austre løypa opp frå Stemtjennbekken.
Utsikt frå toppen av branntårnet på Solhomfjell 13. april.
Ein del snø i den siste delen av løypa opp frå Heiland. Frå Sandtjønn vil det ennå ei tid vere hardpakka snø inn langs Spjotvatn der det har vore køyrt skiløype, men det er stort sett bart oppover fjella.
Stor snøsmelting og vår i lufta! Bekken rett nedanfor Karistjenn inne i Solhomfjell og Kvenntjønnane naturreservat 13. april.
I den T-merka løypa Sandtjønn - Uvdalen - Gautefallheia ligg det ennå ein del snø nede i Uvdalen.
Drivheiløypa er stort sett snøfri, men du må gå frå P-plassen ved Kleivvann. Langs vatnet er det ennå hardpakka snø etter skiløypa og vi venter at vegen blir opna for bilkøyring til 17. mai.
I nordhellingar og andre skuggefulle stader vil snøen ligg i Gjerstadskogane ennå ei tid framover.