Enormt vindindustrianlegg på Vegårshei vil ramme eit stort distrikt
Geitfjell vind har nå lagt fram planar om nesten 250 meter høge vindturbinar i eit høgtliggande område vest på Vegårshei. Ei slik utbygging vil få store negative konsekvensar for natur og friluftsliv i eit stort distrikt.
Skrevet av: Aust-Agder Turistforening og Havrefjell Turlag

Her kan vi måtte sjå "blinkande lysorgel" på nattehimmelen (markert med brun farge). Kartet viser områder med direkte innsyn til eit punkt 247 meter over Knutsmyrheia (451 moh) på Vegårshei, inne i det planlagte vindindustriområdet. (Datagenerert av Ståle Waasjø Øylandsdal).
Slike kolossale konstruksjonar blir plassert spreidd utover i terrenget med betydeleg avstand, for å unngå vindskugge og is-kast frå andre vindturbinar.
For at dei opptil 80 meter lange rotorblada skal kunne fraktast ut med lange trailerar, vil det bli nødvendig å bygge ned terrenget med breie vegar og slake svingar. Kvar vindturbin må stå på ei flate som er stor som ein fotballbane for å gi plass nok til montering og drift. Slike kolossale terrenginngrep er spesielt omfattande i kupert terreng der det må sprengast djupt, og landskapet blir endra for all framtid.
Oslo Plaza er med sine 110 meter den høgaste bygningen i Oslo. Kvar enkelt vindturbin kan bli over dobbelt så høg og vil bli synleg med blinkande lys, ikkje berre over det meste av Vegårshei, men også i eit stort distrikt.
Drift av vindturbinar medfører også betydeleg støy, forureining og mange fuglar blir slått ned og dør. På grunn av fare for is-kast er det her i landet ein sikkerheitssone med ferdselsforbod på opptil 400 meter rundt kvar vindturbin.
Fall i eigedomsverdi
Erfaringstal viser eit betydeleg fall i eigedomsverdi i nærleiken av større vindkraftanlegg. Norges vassdrags- og energiverk (NVE) skriv at internasjonale studiar viser at eigedomsprisar kan påverkast inntil 9 kilometer frå ein vindturbin.
Kommunen kan sei nei
Fleire år med storstilt utbygging av vindkraft førte til at folk fekk erfare dei enorme naturskadane som dette førte med seg. Derfor bestemte regjeringa Støre i 2023 at kommunane skal ha vetorett og kan sei nei til vindkraftverk, og det er viktig at kommande regjeringar også vidarefører dette gode demokratiske prinsippet.
Stadig fleire kommunar oppdagar det store naturtapet som vi her kan risikere, og seier derfor eit klart nei til slike planar! Utbygging av landbasert vindkraft har nå nesten stoppa opp her i landet. Dersom vi skal klare å ta vare på naturen for framtidas generasjonar må vi sei klart i frå nå.
Klimakrise og naturkrise
Vår klode har i dag både ei klimakrise og ei naturkrise, og begge krisene må løysast samtidig. Vindkraft som øydelegg og splittar opp viktige naturområde er ikkje berekraftig. Nedbygging av natur førar til både store klimautslepp og tap av arter. Det finnast i dag mange andre gode alternativ for å få nok energi utan så store naturtap.
Befaring på Fosen. Foto Oddvin Lund.
IRREVERSIBELT. Sårene i landskapet er permanente. Egersund vindkraftanlegg. Foto Anne Katrine Lycke.
Se også

