Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside
Tilbake til Aktuelt

Drangedal kommune med eit klart nei til storskala vindkraft

Drangedal kommunestyre sa torsdag 5. september 2024 med 12 mot 8 stemmer eit klart nei til vidare utreiing av vindkraft i kommunen.

Publisert: 06. september 2024
Skrevet av: Ole Jakob Bråten
Nyheter
Illustrasjonsfoto Foto: Anne Katrine Lycke

Det betyr full stopp i planane til Fred. Olsen Renewables, Drangedal kraft og Telemark energi om storskala vindkraftutbygging i Drangedal. Her var det meninga å bygge inntil 57 vindturbinar med ei høgde på 200 - 250 meter og bygge/sprenge ut eit stort nett av bilvegar, standplassar for turbinane og annan infrastruktur. 

Dette ville betydd nedbygging og industrialisering i eit område på heile 32 000 mål med kupert og for ein stor del påfallande urørt natur mellom Brunane og Luberg på heia mellom Drangedal og Lunde, i både Drangedal og Nome kommunar. 

Kommunestyret i Drangedal var i 2023 positive til vindkraftutbygging i kommunen. Men etter eit stort engasjement frå mange for å auke kunnskapsgrunnlaget bl.a. om dei store negative konsekvensane dette ville fått for natur, friluftsliv og for mange innbyggarar, seier altså kommunen nå eit klart nei til storskala vindkraft. 

Foto: Ole Jakob Bråten

I Norge er det nå eit auka fokus på å unngå nedbygging av natur. Det er nesten stopp i bygging av store vindkraftanlegg. I løpet av dei tre siste åra har det berre blitt bygd 11 store vindturbinar her i landet.

Les NRK sin artikkel her:

 

I 2023 skreiv vi dette på heimesida til Havrefjell Turlag:

NATUR I TELEMARK ER NÅ I FARE

Geitfjellet vindkraftanlegg

Storskala vindindustri truer nå viktige natur- og friluftsområder i Telemark. Drangedal kan bli spesielt hardt ramma. Det er nyleg lagt fram planar om over 80 kjempestore vindturbinar i heiane mellom Drangedal og Lunde. Dei
blir opptil 220 meter høge. Dette vil legge beslag på tusenvis av mål med relativt urørt natur. Resultatet dersom ei slik nedbygging blir gjennomført, er at store delar av vår viktigaste natur blir omgjort til industrifelt.

Slike store vindturbinar må stå spreidd utover eit stort område for å unngå vindskugge og is-kast frå andre vindturbinar. For at dei store rotorblada skal kunne fraktast ut med lange trailerar, vil det vere nødvendig å bygge mange mil med svært breie vegar og slake svingar. Kvar vindturbin må stå på ei flate som er stor som ein fotballbane for å gi plass nok til montering og drift. Slike enorme terrenginngrep er spesielt omfattande i kupert terreng der det må sprengast djupt, og landskapet blir endra for all framtid. 

Oslo Plaza er med sine 110 meter den høgaste bygningen i Oslo. Kvar enkelt vindturbin blir opptil dobbelt så høg og vil bli synleg med blinkande lys frå mange stader i Telemark, Vestfold og Agder.

Drift av vindturbinar medfører også betydeleg støy, forureining og mange fuglar blir slått ned og dør. Det er også eit stort problem at dei store rotorblada er laga av glasfiber som ikkje kan resirkulerast, men berre blir deponert eller grave ned.

Heldigvis oppdager stadig fleire det store naturtapet som vi her kan risikere, og seier derfor eit klart nei til desse planane! Skal vi klare å ta vare på naturen for framtidas generasjonar må vi sei klart i frå nå. Dette blir derfor eit viktig spørsmål i årets kommune- og fylkestingsval.

Vår klode har i dag både ei klimakrise og ei naturkrise, og begge krisene må løysast samtidig. Vindkraft som øydelegg og splittar opp slike viktige naturområde er ikkje berekraftig. Nedbygging av natur førar til både store klimautslepp og tap av arter. Det finnast i dag mange andre gode alternativ for å få nok energi utan så store naturtap.

Befaring på Fosen. Foto: Oddvin Lund

IRREVERSIBELT Sårene i landskapet er permanente. Egersund vindkraftanlegg. Foto Anne Katrine Lycke.

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem