Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Årets påsketips

I Nissedals høgfjell kan vi ennå nyte snøføre. Lengre sør har våren kome rekord-raskt i denne påska. Det er nå svært fine forhold for barmarksturar mange stader sør i Nissedal og i heile Gjerstad og Risør.

Publisert: 30. mars 2026
Skrevet av: Ole Jakob Bråten
Nyheter
Havrefjell 28. mars 2026. Foto: Astrid Haukenes Bråten

I Statskogen Gjerstadskogane vil vi nå anbefale fotturar til både Havrefjell, Marishei og Risfjell. Vegen er snøfri opp til P-plass Stemtjennbekken ovanfor Heiland.

Sør i Gjerstad er ein tur rundt Vasstøvannet eit fint vår-eventyr. Her vil du treffe mange fugl på vatnet og sjå dei første vårblomane.

I Risør er det nå liv blant kystfuglane. Våre turtips der er rundturen på Vakthusheia, tur gjennom Fransåsenløypa eller ein tur ute på Sild og opp på Hisåsen.

Her er nokre inspirasjonsfoto frå dei tre siste dagane. God tur!   

Frå Kriklifjellet i løypa til Risfjell 29. mars 2026. Heilandsvannet og Heilandstjenna. Foto Astrid Haukenes Bråten.

Risfjell 29. mars 2026. Foto Ole Jakob Bråten.

Steinhytta på Risfjell 29. mars 2026. Foto Astrid Haukenes Bråten.

Tørre fine skogstiar rundt Vasstøvannet 30. mars 2026. Foto Astrid Haukenes Bråten.

Eikelands Verk 30. mars 2026. Foto Astrid Haukenes Bråten.

Blåveis 30. mars 2026. Foto Astrid Haukenes Bråten.

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem