85 var med på Gjerstadmarsjen på Gryting
Gjerstadmarsjen blei i år som i fjor arrangert i flotte turløyper på Gryting. Her var alt på topp, både idyllisk standplass og mange kilometer med løyper der graset var slått.
Publisert: 08. september 2024
Skrevet av: Astrid Haukenes Bråten
Skrevet av: Astrid Haukenes Bråten
Turreferat
Regnet stoppa og sola kom fram då folk begynte å gå ut i dei 3 traseane, på 3 (gul), 5 (rød) eller 11 (blå) km. Ungane fekk ei lita detektivoppgåve på veg ut frå start; dei måtte telle alt dei fann av søppel. Den som hugsa best vann. Tilbake i mål var det mange som kosa seg med kaffi, saft og nysteikja sveler.
Arrangørane Gjerstad idrettslag, Havrefjell Turlag og Barnas Turlag Havrefjell takker vertskapet Tallak Olav Gryting m/familie og alle som deltok for ein fin dag!
Du kan framleis gå desse turane:
Merkene vil ikkje tas ned før etter søndag 15. september. Last ned karta her som PDF.
Del artikkel:
Del på e-post
Se også
Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Bli medlem