7 gjennomførte årets løypemerkekurs
Løypemerkekurset i Havrefjell Turlag er nå gjennomført. Det var ein interessert gjeng som først samla seg til inne-kveld med teoridel på Lyngrillen 19. mai, og som fullførte med ute-kveld og praksis i turløypa frå Marksettjenna til Markset i Gjerstad 11. juni.
Skrevet av: Ole Jakob Bråten

Kurset var praktisk retta og pensum var standard merking av fotturløyper etter Merkehåndboka. Dette er metoden som nå blir brukt av både DNT og dei fleste andre som merker turløyper her i landet.
Vi var innom både lovverk, med allemannsrett, eigedomsrett, naturmangfald og kulturminne m.m. Målet er å merke skånsamt men tydeleg og ta godt omsyn til naturen.
Ute i skogen fekk vi mange praktiske tips, og folk gleda seg til å ta dugnadsansvar for rydding og vedlikehald i sine tildelte løypestrekningar.
7 personar deltok på kurset, i tillegg til kurshaldar Ole Jakob Bråten og assistent Astrid Haukenes Bråten.
Foto: Astrid Haukenes Bråten
Rydding av sti og fristilling av blåmerkene.
Blåfarge på pålar over open hogstflate.
Ved Markset.
Se også

