100 000 på tur i Gjerstadskogane
Etter nesten 30 år med turbøkar på toppane i Gjerstadskogane (Statskogen i Gjerstad og Nissedal), rundar vi nå totalt over hundretusen registrerte namn på turfolk som har skrive seg inn i bøkane. Besøket har auka mykje gjennom desse åra. Dei registrerte er likevel berre ein liten del av alle dei som kvart år kosar seg med friluftsliv i Statskogen vår.
Skrevet av: Ole Jakob Bråten
2023
Siste året har vi telt opp 4 687 personar i dei 6 turbøkane. Mange er lokale folk, men det er også fleire frå store delar av landsdelen og ein god del frå utlandet.
Drivheia - 1 904 personar. Den nye barmarksløypa over Drivheia, som i 2023 var Havrefjell Turlags 20-års jubileumsgåve til turfolket, har nå blitt populær. I gode snøvintrar har der vore stor trafikk i skiløypa, men få om sommaren. Besøket på Drivheia har normalt ligge på ca. 50 personar frå mai til og med oktober, men i år kan vi plutseleg notere heile 852 personar i denne perioden. Og nå håpar vi snart på snø og fine skiløyper over Drivheia!
Havrefjell - 1 442 personar. Dette er mange, men det er ein liten nedgang som truleg skuldast at fleire i barmarksesongen heller har vald den nye Drivheiløypa. Havrefjell har eit variert løypenett og vi anbefaler den lange løypa via Ormfjell som mange ennå ikkje har oppdaga.
Solhomfjell - 822 personar. Dette er på nivå med fjoråret. Her kjem folk opp til Branntårnet og den store utsikten i sti-nettet gjennom Solhomfjell og Kvenntjønnane naturreservat frå både Sandtjønn og Heiland. Vi anbefaler også langløypa heilt rundt om Uvdalen.
Risfjell - 184 personar. Dette er ein nedgang frå i fjor og skuldast nok årets «Drivheia-effekt». Fleire burde oppdage Risfjell med god sti, opne fjell, urørt natur og vid utsikt.
Marishei - 177 personar. Turbokkassa på Gjerstads høgaste topp som blei satt opp i fjor er nå blitt eit eige turmål som er enklare og kortare enn turen heilt opp til Solhomfjell.
Mjeltenatten - 158 personar. Dette er litt meir enn i fjor. Dei fleste som går hit kjem i løypa frå Uvdalsvatnet. Mange kjem også innom på langtur og fleire av dei overnattar i telt her inne i villmarka.
Årets 6 vinnarar som i år vil få tilsendt gevinst frå Gjerstad IL er:
Drivheia: Torbjørn Landsverk Vassengen, Ullensaker
Havrefjell: Heidi A. Grønsten, Oslo
Solhomfjell: Elisbeth Goksøyr Åsen, Kristiansand
Risfjell: Trygve Kverme, Skien
Marishei: Odd Lundberg, Risør
Mjeltenatten: Stian Flåta, Gjerstad
Turbøkane er eit godt samarbeid mellom Havrefjell Turlag og Gjerstad IL.
Astrid og Ole Jakob Bråten driftar, teljar og trekker i turbøkane.
Fotomontasjen frå Drivheia er av foto Ståle Waasjø Øylandsdal og Ole Jakob Bråten.