Bli frivillig i Vaksdal Turlag
Frivilligheitsarbeid og dugnad er sjølve ryggraden i DNT, og vi ynskjer nye frivillige velkomne. Oppgåvene er i stor grad knytta til turleiing, skiping av arrangement og rydding og merking av stiar.
Kvifor frivillig i Vaksdal Turlag?
Dugnadsarbeid er både sosialt, triveleg og meiningsfullt. Du kan melde deg som frivillig til ulike arbeidsoppgåver. Nokon bidreg ofte, andre ein eller to gongar i løpet av året. All innsats er verdfull for oss. Du treng ingen forkunnskap som frivillig. Du vil få god opplæring og alle utgifter vert dekka.
Kven kan bli frivillig?
Alle er velkomne som frivillig i Vaksdal Turlag. Som frivillig blir du ein del av eit sosialt felleskap der du kan bidra som frivillig innan mange forskjellige område. Vi treng hjelp på arrangement som Kom deg ut-dagane i februar og september, merking og rydding av stiar og turleiing på fellesturar, seniorturar og familieturar.
Registrer deg som frivillig her!