Om oss i DNT Øygarden
DNT Øygarden er eit lokallag som vert drifta av frivillige. Me har fleire turgrupper som arrangerer turar kvar veke. For dei som likar å gå tur aleine har me Kystpasset med mange gode turforslag.
Formål
Formålet for dei lokale turlaga vil vere det same som for Bergen og Hordaland Turlag. Visjon er ”Naturopplevingar for livet” og ei sentral målsetjing er å få flest mogleg ut på tur.
Kontakt oss
E-post: oygarden@dnt.no
Tlf: 40894853 (etter kl. 17:00 i kvardagar, 10:00-15:00 i helgene)
Postadresse: Grøndalen 9B, 5357 FJELL
Besøk vår Facebookside
Styret
Styreleiar:
Heidi Reisegg Endal
E-post: dntoygarden.leder@dnt.no
Nestleiar:
Vidar Tverfjell
E-post: dntoygarden.nestleder@dnt.no
Kasserar:
Lars Bjoland
E-post: dntoygarden.kasserer@dnt.no
Øvrige styremedlemar:
Helene Kleppe (skrivar)
Torill Algrøy (styremedlem)
Ida Rafos (styremedlem)
José Miguel Del Pino (styremedlem)
Valnemnd
Elsi Førde Blom
Ruth Bruvik Tesaker Aule
Vedtekter
VEDTEKTER FOR DNT Øygarden
(Vedtatt 05.02.2026)
§ 1 FORMÅL OG ORGANISASJON
§ 1.1 Formål
DNT Øygarden er eit lokallag av Bergen og Hordaland Turlag i Øygarden. DNT Øygarden skal arbeide for eit enkelt, aktivt, sikkert, allsidig og naturvennleg friluftsliv, for sikring av allemannsretten og friluftslivets natur- og kulturgrunnlag.
§ 1.2 Organisasjon
DNT Øygarden er ein integrert del av Bergen og Hordaland Turlag. Verksemda i DNT Øygarden skal skje i samsvar med Bergen og Hordaland Turlag sine vedtekter. Aktivitetane skal til ein kvar tid skje innanfor rammene av Bergen og Hordaland Turlag sine føringar, og vere i samsvar med retningslinjer/samarbeidsavtale inngått mellom partane.
DNT Øygarden blir representert i DNT gjennom Bergen og Hordaland Turlag.
§ 1.3 Medlemskap
Medlemskap i DNT Øygarden er ope for alle enkeltpersonar som ynskjer å bli medlem. Medlemmer av Bergen og Hordaland Turlag er alle som har betalt kontingent til DNT, inntil utmelding skjer eller medlemmen blir sletta på grunn av manglande innbetaling av kontingent.
Alle medlemmer i Bergen og Hordaland Turlag er også automatisk medlem i DNT Øygarden dersom dei bur i DNT Øygarden sitt medlemsområde, og ikkje reserverer seg mot medlemskap. Medlemmer av Bergen og Hordaland Turlag som er busett utanfor medlemsområdet, kan bli medlem om dei ynskjer det.
Medlemmene har forslags- og stemmerett på årsmøtet og kan veljast til alle tillitsverv i alle ledd frå det året dei fyller 15 år.
Alle medlemmer er medlem av DNT og har medlemsrettar ved besøk på alle hyttene til medlemsforeiningane og ved deltaking på turar, kurs og andre tilbod.
Medlemskontingenten blir fastsett av Bergen og Hordaland Turlag. Medlemskontingenten blir fordelt mellom DNT Øygarden, Bergen og Hordaland Turlag og DNT sentralt etter ein fastsett fordelingsnøkkel.
§ 2 ÅRSMØTET
§ 2.1 Høgste myndigheit
Årsmøtet er det øvste organet i DNT Øygarden
§ 2.2 Deltaking og stemmerett
Ingen har meir enn ei stemme. Vedtak vert fatta ved stemmefleirtal.
Alle medlemmer frå 15 år og eldre har stemmerett.
For medlemmer som ikkje har kan stille på årsmøte/ekstraordinært årsmøte, er det mogleg å gje stemmeretten til ein annan medlem som er til stades på årsmøte. Dette gjeld for saker under punkt f) under oppgåver for årsmøtet, og på ekstraordinært årsmøte. Dette må i så fall gjerastskriftleg, og skriftleg løyve må takast med på årsmøtet. Ein medlem kan maksimalt representera 3 andre medlemmer.
§ 2.3 Innkalling og fristar
Ordinært årsmøte skal haldast innan 20. februar kvart år. Innkallinga skal gjerast offentleg på nettsida til lokallaget seinast 2 veker før årsmøtet. Saker som skal opp på årsmøtet må vere styret i hende seinast innan utgangen av desember månad. Berre sakar som er nemnt i innkallinga kan behandlast på årsmøtet.
Innkallinga skal innehalde tid, stad, saksliste og andre opplysningar om møtet.
Styret skal gjere tilgjengeleg fullstendig saksliste og andre nødvendige saksdokument med forslag og innstilling frå valkomiteen seinast 2 veker før årsmøtet.
§2.4 Oppgåver årsmøtet
Årsmøtet skal behandle:
Val av dirigent, protokollførar og to representantar til å underteikne protokollen
Godkjenning av innkallinga
Godkjenning av sakslista
Godkjenning av årsrapport
Revidert rekneskap
Andre saker i samsvar med saksdokumenta
Val av leiar av styret for 1 år og medlemmer til styret for 2 år, inkludert varamedlem
Val av leiar av valkomiteen for 1 år og medlemmer til valkomiteen for 2 år
Val av revisor for 1 år
§ 2.5 Ekstraordinært årsmøte
Styret skal kalle inn til ekstraordinært årsmøte med minst 2 vekers varsel etter:
Vedtak av årsmøtet
Vedtak av styret i DNT Øygarden eller av styret i Bergen og Hordaland Turlag
Krav frå minst 5%, men minimum 20, medlemmer med stemmerett
Ekstraordinært årsmøte kan berre behandle dei saker som er gitt i vedtaket eller kravet om innkalling av det ekstraordinære årsmøtet.
Innkallinga skal gjerast offentleg på nettsida til lokallaget seinast 2 veker før møtet. Innkallinga skal innehalde tid, stad og saksdokument med forslag til vedtak.
Ekstraordinært årsmøte skal behandle:
Val av dirigent, protokollførar og to representantar til å underteikne protokollen
Godkjenning av innkallinga
Godkjenning av sakslista
Sak i samsvar med saksdokumenta
§ 3 STYRET
§ 3.1 Styrets myndigheit og oppgåver
DNT Øygarden vert leia av eit styre med leiar og inntil 8 styremedlemmar. Styremøtet vert kalla inn av leiar i styret. Styret er vedtaksfør når minst halvparten av medlemmene i styret er til stades. Ved likt stemmetal, er leiaren si stemme avgjerande. Varamedlem har møterett, men ikkje møteplikt. Dersom vara trer inn for eit styremedlem vil vara si stemmerett gjelde på lik linje med øvrige styremedlemmar.
Styret si oppgåve er å leie DNT Øygarden i samsvar med vedtektene og føringar frå Bergen og Hordaland Turlag. Styret er forplikta av retningslinjer/samarbeidsavtale og andre vedtak styret i Bergen og Hordaland Turlag har fatta.
§ 3.2 Samansetning og val av styret
Leiar av styret vert valt for 1 år av gangen, og styremedlemmer for 2 år av gangen, slik at det alltid er eit eller fleire styremedlemmer som ikkje er på val. Maksimal funksjonstid som leiar eller medlem av styret er 8 samanhengande år, i same verv. Viss ein styremedlem trer ut utanfor tur, skal nytt styremedlem veljast for denne berre for den tida som står att av styremedlemmen sin valperiode. Styret i DNT Øygarden har varamedlem. Denne skal tre inn i gjenståande periode.
§ 3.3 Styrets arbeid
Styret vert kalla inn av leiaren når det er behovet for det, eller når minst 2 av medlemmene i styret krev det. Styret kan fatte vedtak når eit fleirtal av medlemmene deltek. Ved likt stemmetal er leiaren si stemme avgjerande.
§ 3.4 Signatur
DNT Øygarden er forplikta ved underskrift av leiar og to andre styremedlemmer i fellesskap.
§ 4 VALKOMITEEN
§ 4.1 Samansetning og val av valkomiteen
DNT Øygarden skal ha en valkomité på 3 medlemmer. Medlemmene skal veljast av årsmøtet for 2 år om gongen etter innstilling frå styret. Dei kan veljast inntil ei maksimal funksjonstid på 6 år.
§ 4.2 Valkomiteens myndigheit og oppgåver
Valkomiteen skal innstille til val av styret.
§ 5 INHABILITET
Ein medlem av styret eller andre tillitsvalde i lokallaget kan ikkje vere med på å behandle eller avgjere spørsmål der vedkommande eller denne sine nære kan reknast å ha ei klar personleg eller økonomisk særinteresse i saka. Ved avgjersle av om nokon er nære etter denne regelen, gjeld regler tilsvarande aksjelova.
§ 6 BROT PÅ DNT SITT REGELVERK
Medlemmer i DNT Øygarden som gjer seg skuldig i grove brot mot DNT sitt etiske regelverk slik det er vedteke av DNT sine organ, kan ileggjast ei irettesetjing, tap av retten til tillitsverv eller tap av retten til medlemskap i foreininga. Styret kan behandle slike saker. Ein medlem som er ilagtsanksjonar som nemnt, kan leggje saka fram for landsstyret eller domsutvalet til endeleg avgjersle i følgje DNT sine vedtekter § 12.2.
§ 7 OPPLØYSNING
DNT Øygarden kan oppløysast med minst 3/4 fleirtal på 2 etterfølgjande ordinære årsmøte. Dersom DNT Øygarden vert oppløyst, skal DNT Øygarden sine midlar overførast til Bergen og Hordaland Turlag.
§ 8 VEDTEKTSENDRINGER
Vedtektene kan endrast ved vedtak på ordinært eller ekstraordinært årsmøte. Vedtektsendringar skal vere oppført på sakslista og krev minst 2/3 fleirtal av stemmene. Forslag på vedtektsendringar må først ha vore til fråsegn i styret i Bergen og Hordaland Turlag. Forslag på vedtektsendringar må vere styret i hende innan 8 veker før ordinært årsmøte eller ekstraordinært årsmøte.
Årsmelding DNT Øygarden
Her finn du alle årsmeldingane til DNT Øygarden (tidlegare Sotra Øygarden Turlag)
Økonomi
Her finn de oversikt over rekneskap og budsjett frå siste årsmøte.
Resultatrapport for prosjekter 2025
Se også