Logo
Til DNT.no forside

Velkomen til Holmaskjer ved Folgefonna

Turisthytta vår Holmaskjer ligg i vakre omgjevnader på eit skjær som stikk opp av breen på Søre Fonna 1565 moh.

Publisert: 13. juni 2023
DNTs tilbud

Hytta har 18 faste senger og hems med plass til 12 madrasser. Hytta er sjølvbetjent og utstyrt med det du treng av proviant og utstyr til matlaging, oppvarming og eit godt opphald. 8 av 18 senger på hytta kan førehandsbestillast.

Det er Odda/Ullensvang Turlag som eig og driftar Holmaskjer Turisthytte på Folgefonna.  Hytta vart planlagd og bygd i 1988 i samarbeid med Bergen og Hordaland Turlag. I 1995 vart hytta påbygd og framstår i dag som ei viktig og sentral hytte i rutenettet til DNT på Folgefonna. Hytta ligg langs den historiske vandreruta "Turistvegen over Folgefonna" som går frå Sunndal i Kvinnherad via Fonnabu, over breen til Holmaskjer og ned Tokheimslia til Odda.

Hytta er utstyrt med det ein treng for matlaging og eit godt opphald. Her finn du kjøkkenutstyr, dekketøy, senger med dyner og puter, ved til oppvarming og proviant. Av proviant finnes middagshermetikk, suppeposer, havregryn, knekkebrød, pålegg, sukker, kaffe, te, margarin og desserthermetikk. Husk å ta med lakenpose eller eget sengetøy.

På Holmaskjer er det tilrettelagt for hund med et hundebur. Dette kan førehandsbestillast. Buret befinn seg i eige rom med eigen inngang adskilt frå fellesarealet.

Opplev Folgefonna

Det er ikkje anbefalt og gå over breen mellom Holmaskjer og Fonnabu på eigenhand utan breførar. I juli og august er det mogleg å bestille breføring med Folgefonni Breførarlag. 

Turen frå Sunndal til Fonnabu går opp den nydelege Keisarstien som er godt merka med varder og raude T-er. Frå Holmaskjer er den gamle ferdselsveien ned til Tokheim rusta opp og godt merka. Slik kan folk på eienhand ta seg opp til brekanten og bli ført over breen av kyndige folk. Å krysse Folgefonna krev gode orienteringskunnskaper, samt breutstyr.

Historisk vandrerute "Turist vegen over Folgefonna"

Denne turen er ein av våre Historiske vandreruter. Eit samarbeid mellom DNT og Riksantikvaren, som gjer gamle ferdselsveier bedre kjent og meir brukt. Dei utvalgte rutene gjer deg flotte friluftsopplevelser i kombinasjon med unik kulturarv.

Folgefonna ligg mellom to fjordarmar i Hardanger og har vært eit attraktivt turistmål i over 200 år. I dette området finn vi et uvanlig og spesielt kulturminne, Turistvegen over Folgefonna. Vegen vart bygd for å ta europeiske turistar opp til og over Folgefonna for at dei skulle få oppleve «at kunde tage en «kanetur» under sommersolens varme straaler, og dog omgivet av full vinter», som en turist skrev i hytteboken på Breidablikk i 1893. 

Ruta frå Mauranger til Odda har lang historie. På slutten av 1800-talet og eit stykke ut på 1900-talet vart folk ført på hesteryggen opp til brekanten og dratt på slede over breen. Dampbåtane segla i mellomtida rundt halvøya og plukka opp turistar på den andre sida.

Gjennom Folgefonnstunnelen kjem ein frå Odda til Mauranger på 10 minutter og frå Rosendal til Mauranger er det 40 minutter. Henting av bilar er derfor svært enkelt med buss eller taxi. Dette er ein tur i dramatiske omgjevnader, med utsikt til havet i vest og Hårteigen i øst. Turen over breplatået byr på alt frå flott sommarvær til snø og regn. Det er derfor nødvendig å pakke sekken som om ein skulle på vintertur. Hue og vottar er obligatorisk utrusting samt solbriller og solkrem. På toppen av breen 1662 moh. er det flott utsikt. Stien frå Tokheim og ned til Egne hjem er restaurert og har no rideveg standard som i gamle dager.

 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Våre turer og kurs
Tur til Olsnessåta på Osterøy etter fellesmøte 12.–13. november, 2022.
Våre turer og kurs
Medlemsfordeler i Turlaget
Sti mellom Breidablik og Vending, august 2023.
Medlemsfordeler i Turlaget