Dagsturhyttene i Ullensvang
Ullensvang kommune har no tre dagsturhytter fordelt utover i den nye kommenen. Hovdakruno på Lofthus, Ragdebu i Odda og Teglhaug i Jondal ligg alle flott til med god utsikt og med varierande lengde og tidsbruk på turen. Ingen av hyttene har universell tilkomst. Odda/Ullensvang Turlag har ansvaret for tilsyn med Ragdebu i Odda.
Publisert: 06. september 2023
Artikkel
Dagsturhytta Hovdakruno på Lofthus:
- Hovdakruno ligg nydeleg til på utsiktspunkt på Hovden over Lofthus.
- Parkering er i sentrum av Lofthus, ved kyrkja eller på idrettsplassen Hordatun.
- Ein kan gå frå to retningar, via garden Eidnes med retning/merking. -
- Nåsi/Dronningstien eller via Legena med retning Nåsi/Dronningstien.
- Byte av sti til dagsturhytta skjer ved Hovden.
- Lengde ein veg: 5,6 km
- Tid ein veg: 1-1,5 t
- Høgd over havet/stigning: 476 høgdemeter
- Vanskegrad: Middels
Fasiliteter:
- Vedomn, toalett og straum
Grad av tilgjengelighet:
- Kan køyra på skogsveg mesteparten av vegen med særskilt løyve, men ikkje universell tilkomst.
Dagsturhytta Ragdebu i Odda:
- Ragdebu ligg i skogen over bustadfeltet Ragde i Odda med utsyn mot by og fjord.
- Parkering må skje i sentrum av Odda, men ein kan ta buss til buss stopp
- Ragdelia der stien startar i enden av snuplass.
- Lengde ein veg: Frå sentrum, ca 1,5 km. Frå busstopp, ca 500m
- Tid ein veg: Frå sentrum, ca 40 min, frå busstopp, ca 15 min
- Høgd over havet, ca 250 høgdemeter
Fasiliteter:
- Vedomn, straum
Grad av tilgjenglighet:
- Svært kort tur viss ein køyrer til starten på stien, men ikkje universell tilkomst til hytta.
Dagsturhytta Teglbu i Jondal
- Teglbu ligg på høgdedraget Teglhaug aust for Jondal sentrum, retning Krossdalen.
- Parkering er i sentrum av Jondal, der ein kan følge elvesti som er merka mot Teglhaug.
- Etter ca 300 m, tek ein av på skogsti mot Leite og vidare mot toppen av Teglhaug på sti.
- Lengde ein veg: ca 2 km
- Tid ein veg: ca 45 min.
- Høgde/stigning: 229 høgdemeter
Fasiliteter:
Vedomn, toalett, straum
Grad av tilgjengelighet:
- Kan køyra på bilveg nær siste oppstigning, men hytta har ikkje universell tilkomst.
Del artikkel:
Del på e-post
Se også
Våre turer og kurs
Våre turer og kurs
Medlemsfordeler i Turlaget
Medlemsfordeler i Turlaget