Ullensvang kommune har no tre dagsturhytter fordelt utover i den nye kommenen. Hovdakruno på Lofthus, Ragdebu i Odda og Teglhaug i Jondal ligg alle flott til med god utsikt og med varierande lengde og tidsbruk på turen. Ingen av hyttene har universell tilkomst. Odda/Ullensvang Turlag har ansvaret for tilsyn med Ragdebu i Odda.
Publisert: 06. september 2023
Artikkel
Dagsturhytta Hovdakruno på Lofthus:
Hovdakruno ligg nydeleg til på utsiktspunkt på Hovden over Lofthus.
Parkering er i sentrum av Lofthus, ved kyrkja eller på idrettsplassen Hordatun.
Ein kan gå frå to retningar, via garden Eidnes med retning/merking. -
Nåsi/Dronningstien eller via Legena med retning Nåsi/Dronningstien.
Byte av sti til dagsturhytta skjer ved Hovden.
Lengde ein veg: 5,6 km
Tid ein veg: 1-1,5 t
Høgd over havet/stigning: 476 høgdemeter
Vanskegrad: Middels
Fasiliteter:
Vedomn, toalett og straum
Grad av tilgjengelighet:
Kan køyra på skogsveg mesteparten av vegen med særskilt løyve, men ikkje universell tilkomst.
Dagsturhytta Ragdebu i Odda:
Ragdebu ligg i skogen over bustadfeltet Ragde i Odda med utsyn mot by og fjord.
Parkering må skje i sentrum av Odda, men ein kan ta buss til buss stopp
Ragdelia der stien startar i enden av snuplass.
Lengde ein veg: Frå sentrum, ca 1,5 km. Frå busstopp, ca 500m
Tid ein veg: Frå sentrum, ca 40 min, frå busstopp, ca 15 min
Høgd over havet, ca 250 høgdemeter
Fasiliteter:
Vedomn, straum
Grad av tilgjenglighet:
Svært kort tur viss ein køyrer til starten på stien, men ikkje universell tilkomst til hytta.
Dagsturhytta Teglbu i Jondal
Teglbu ligg på høgdedraget Teglhaug aust for Jondal sentrum, retning Krossdalen.
Parkering er i sentrum av Jondal, der ein kan følge elvesti som er merka mot Teglhaug.
Etter ca 300 m, tek ein av på skogsti mot Leite og vidare mot toppen av Teglhaug på sti.
Lengde ein veg: ca 2 km
Tid ein veg: ca 45 min.
Høgde/stigning: 229 høgdemeter
Fasiliteter:
Vedomn, toalett, straum
Grad av tilgjengelighet:
Kan køyra på bilveg nær siste oppstigning, men hytta har ikkje universell tilkomst.