Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Sikringshytta påHolmaskjer

Publisert: 07. mai 2026
Artikkel

Odda/Ullensvang turlag har no ferdigstilt den nye sikringshytta ved Holmaskjer turisthytte i Folgefonna nasjonalpark. Hytta er etablert som eit viktig tryggingstiltak for dei som ferdast i det vêrutsette høgfjellsområdet på Folgefonna.

Holmaskjer ligg på 1565 moh. i eit ope brelandskap der vêrforholda kan skifta raskt. Ved naudsituasjonar har området tidlegare hatt svært avgrensa moglegheiter for ly og tryggleik dersom noko skulle skje med hovudhytta eller menneske i området.

Kun til bruk ved nødstilfelle
Sikringshytta er ikkje ei ordinær turisthytte og skal ikkje nyttast til vanleg overnatting eller turbruk. Hytta er etablert utelukkande som eit tryggingstiltak og skal berre takast i bruk ved reelle nødstilfelle.

Odda/Ullensvang turlag ber alle besøkande respektera dette, slik at hytta alltid er tilgjengeleg når det verkeleg trengst.

Tilpassa naturen og omgjevnadene
Ved planlegging og bygging har det vore viktig å ta omsyn til landskapet og verneverdiane i nasjonalparken. Hytta er difor:

  • plassert tett på eksisterande bygg
  • tilpassa terrenget med små inngrep
  • bygd i tre med tradisjonelt saltak
  • gjeve fargar og materialval som glir naturleg inn i omgjevnadene

Tiltaket er gjennomført av Lyngstad bygg, saman med stor dugnadsinnsats frå frivillige i Odda/Ullensvang turlag og støttespelarar.

Takk til støttespelarane
Prosjektet hadde ikkje vore mogleg utan støtte frå:

  • Sparebankstiftinga Hardanger
  • Kvinnheradstiftinga
  • Sparebanken Norge
  • Olav Thon Stiftelsen
  • Spelemidlar
  • og ei rekkje frivillige bidragsytarar

Den nye sikringshytta vil bidra til auka tryggleik for både lokale brukarar og tilreisande som ferdast i høgfjellet kring Holmaskjer i mange år framover.

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Våre turer og kurs
Tur til Olsnessåta på Osterøy etter fellesmøte 12.–13. november, 2022.
Våre turer og kurs
Medlemsfordeler i Turlaget
Sti mellom Breidablik og Vending, august 2023.
Medlemsfordeler i Turlaget