Sikringshytta Holmaskjer
Skrevet av: Håvard Apold
Sikringshytte på Holmaskjer – eit viktig tryggingstiltak i høgfjellet
Odda/Ullensvang turlag arbeider med å etablera ei ny sikringshytte ved Holmaskjer turisthytte i Folgefonna nasjonalpark. Tiltaket er retta mot å styrkja tryggleiken for dei som ferdast i eit av dei mest vêrutsette høgfjellsområda på Vestlandet.
Kvifor treng vi ei sikringshytte?
Holmaskjer turisthytte ligg på om lag 1565 moh., midt i eit ope brelandskap med raske vêrskifte og krevjande forhold. Hytta er i bruk frå mars til oktober, og har årleg rundt 200 besøkande – både fotturistar og brevandrarar.
Ved akutte situasjonar i dag er turlaget sårbart. Det einaste alternative til hovudhytta er ei lita nødbu som berre rommar 2–3 personar. Næraste turisthytte er Fonnabu, rundt 6 km unna over bre, og næraste veg ligg fleire timar unna til fots. I dårleg vêr kan evakuering vera både vanskeleg og risikofylt.
Ei sikringshytte vil gje:
- Betre vern mot uvêr
- Tryggare opphald ved naudsituasjonar
- Betre beredskap for både gjester og frivillige
Skånsam plassering og tilpassing til naturen
Sikringshytta er planlagt plassert i nærleiken av eksisterande turisthytte, lågare i terrenget og med same orientering. Utforminga er medvite vald for å gli naturleg inn i landskapet, med tradisjonelle materialval og fargar som harmonerer med omgjevnadene.
Hytta vil vera:
- Kompakt i storleik (om lag 15 m² BYA)
- Bygd med minst mogleg terrenginngrep
- Tiltaket er vurdert å vera lite, reversibelt og i tråd med verneføremålet for området.
Gjennomføring
Sikringshytta er planlagd oppført våren 2026.
Eit bidrag til trygg ferdsel i nasjonalparken
Odda/Ullensvang turlag meiner at ei sikringshytte på Holmaskjer vil vera eit viktig bidrag til trygg ferdsel i høgfjellet, utan å gå på kostnad av natur- og verneverdiane. Tiltaket støttar opp under DNT sitt mål om enkelt, trygt og naturvennleg friluftsliv – også i dei mest krevjande områda.
Se også