Logo
Til DNT.no forside

Påsketuren på Hardangervidda 2023

Årets påsketur gjekk frå Dyranut via Sandhaug, Litlos, Hadlaskard, Stavali og ned Dronningstien via Røte til Kinsarvik. Været var upåklagelig med sol frå skyfri himmel så og sei kvar einaste dag, kvite langstrakte vidder, kvista løyper så langt auga ser og flotte hytter med god service og god mat. Rett og slett ein fem dagers drømmetur frå start til slutt der du får med deg "kremen" av Hardangervidda Vest!

Publisert: 24. august 2023
Artikkel

Turen vart svært populær samme dagen som den vart lagt ut for påmelding og vart fort fullbooka med laaang venteliste. Påsketurane på Hardangervidda har alltid vore populær og det kom folk langveis frå for å være med!


Lørdag 1 april møtte 12 spente deltakarar og 2 turleiera opp på kaien i Kinsarvik klare for årets påsketur frå fjell til fjord på Hardangervidda. Frå Kinsarvik vart me frakta med innleigd shuttlebuss opp til turens startpunkt, Dyranut 1246 moh, likeved riksveg 7 over Hardangervidda. Dyranut er eit flott utgangspunkt for flotte skiturar langs kvista løyper til ulike turisthytter vinterstid.


- Beskjeden frå turleiarane var klar...... Smør med samme farge som himmelen har!


Dag 1:  Dyranut - Sandhaug ca 22 km

Turen starta slakt og behagelig innover vidda med knall blå himmel, sola midt i mot, nydelege forhold og knirkande blått føre. Beskjeden frå turleiarane var klar.... Smør med samme farge som himmelen har. Det viste seg å funke bra! Innover vidda det bar, forbi Tronsbu, Hedlehalsen og Langavtnet til vi møtte løypa mellom Sandhaug og Stigstuv. Då var det berre nokon få kilometer igjen til me var framme, kor varm hytte, oppreidde senger og 3 retters middag venta.

På Sandhaug vart vi godt ivaretatt av vertskapet. Vi vart innlosjert i sikringshytta då det var mykje folk og fullt i hovedhytta. Det er deilig komme til duk og dekka bord etter ein lang dag på ski. Til middag fekk vi servert grønnsaksuppe til forrett, svinegryte til hovedrett og gulrotkake til dessert. 

Sandhaug ligg vakkert til midt på Hardangervidda. Sandhaug er DNT Oslo og Omegn si hytte og vert driven av vertskapet Svein Arne Tyssebotn og Oda Mykkeltvedt. 

Sandhaug Turisthytte Foto: Johnny Ytreland, turleder


Dag 2: Sandhaug - Litlos ca 23km

Vi starta dagen med ein god frokost, smurte oss niste og fylte termoser før avreise mot Litlos.

Løypa frå Sandhaug til Litlos går over vatnet mot sørvest og vidare vestover i retning Besso, over Bessevatnet, Bismarvatnet og sør for Engelstjørn til ein kjem inn på sommartrasèen som følges til Ambjørgsvatnet. Ruta går vidare over vatnet og opp mot Holken som passeres på sørsida og videre ned mot Litlos. Samme fine været, samme knirkande blåe føret som dagen før og vi nærma oss sakte men sikkert det litt meir kuperte terrenget vestvidda har å by på. Les meir om ruta her 

På Litlos vart det sovesal på gruppa og til middag fekk vi servert soppsuppe til forrett, Litlos sine berømte reinsdyrkarbonader til hovedrett og kringle til dessert. Atter ein gong var det godt å komme til duk og dekka bord. Sleppe å lage middag og ta oppvasken, me kunne berre slappe av og kose oss.  Det var god stemning i gruppa og vi vart betre kjendt for kvar dag som gjekk.

Litlos ligg flott til på kanten av vakker vestlandsnatur i eit svært fiskerikt område med gode moglegheiter for flotte turar både på ski og til fots. Litlos er DNT Oslo og Omegn si hytte og vert driven av bestyrer Jarle Viskjer. 

Litlos Turisthytte Foto: Johnny Ytreland, turleder


Dag 3: Litlos - Hadlaskard ca 24 km

Vi starta dagen med ein god frokost, vi smurte oss niste og fylt termoser før vi tok fatt på dagens etappe mot Hadlaskard. Den einaste dagen det var overskya vær og litt meir vind enn dei andre dagane. Flatt lys og skareføre, litt vonde bein og noen gnagsår, men humøret i gruppa var det ingenting å sei på. 

Vi valgte ruta mot Torehytten slik at vi fekk med oss Hårteigen på nært hold. Ruta går omtrent der sommarruta frå Litlos mot Tyssevassbu går til der kvistaløypa deler seg i enden av Kollsvatnet. Herfrå fylgjer ein kvistaløypa nordover mot Torehytten, over Krokavatnet og den vestlege delen av Grøndalsvatni. Vidare i samme retning over Grytevatnet til foten av Hårteigen. Her tok vi av og gjekk på vestsida av Hårteigen slik at vi kom innatt på kvistaløypa mellom Torehytten og Hadlaskard ved Klokkenuten der vi fulgte løypa forbi Viersdalen og nordaustover i retning Svartepytt og dagens mål, Hadlaskard Turisthytte. 

Den vanlege og direkte kvistaløypa mellom Litlos og Hadlaskard finn du her Løypa mellom Litlos og  Torehytten finn du her og løypa mellom Torehytten og Hadlaskard finn du her. Her blir det opp til deg sjølv å velge trasè.

Hadlaskard er sjølvbetjent, så her måtte vi lage maten vår sjølv. På menyen sto Brun lapskaus og Bacalao til middag og frukstcoctail med vaniljesaus til dessert. 

Hadlaskard ligg flott til øverst i vakre Veigdalen og er eit viktig knutepunkt for rutenettet på Hardangervidda. Hadlaskard er sjølvbetjent og er Bergen og Hordaland Turlag si hytte. I sommarsesongen er det hyttevakt på Hadlaskard.

- Eit lite tips!!! Me ordna det sånn at gruppa fekk med seg brød frå Litlos til frokost og niste på Hadlaskard.

Hårteigen 1690 moh Foto: Johnny Ytreland, turleder


Dag 4: Hadlaskard - Stavali ca 23 km

Atter ein ny dag med nydelig vær, men med litt vind. Vi åt frukost, laga oss niste og rydda oss ut av hytta før vi sette nasen vestover mot Stavali og ein av dei flottaste etappane på turen. Ein merker virkelig at ein kjem over på vest i eit meir krevande og kupert terreng, men desto finare og kjekkare enn den meir flate austvidda. 

Turen startar i samme retning som vi avslutta dagen før. Etter ca 3 km i retning Torehytten tok vi av vestover i krysset ved Kyrkjesteinsdalen. Her følger med dalen langs Olbogo mot Fogerli, forbi Vatnalivatnet til Finnabu og vidare mot Skuggabjørg. Ved Skuggabjørg møtte vi kvistaløypa som kjem frå Viveli/Garen og vi fulgte denne videre i retning Stavali, forbi Langavatnet og Lonavatnet før me fekk ein fin fin nedkjøring til hytta i Stavali kor Torill, styreleiaren i Odda/Ullensvang Turlag som også er vertskap på Stavali Turisthytte tok oss vel i mot med nybakte kanelknuter. Du kan lese meir om ruta her.

På Stavali vart vi fordelt på ulike rom, det vart tid til tøy og bøy og litt yoga i stova før vi fekk servert elgsteik, hjortesteik og viltkjøttkaker med tilbehør til middag og ostekake med nyrørte multer til dessert. Det var skikkelig god stemning på turens siste kveld.

Stavali ligg vakkert til heilt vest på Hardangervidda 1024 moh. Stavali er i utgangspunktet sjølvbetjent, men i påsken og i sommarsesongen er hytta delbetjent med servering av både mat og drikke. Stavali er Bergen og Hordaland Turlag si hytte og vert driven av vertskapet Torill og Kjetil Hauge. 


- For to av oss fra Nord-Norge som aldri har vert på Hardangervidda før var dette litt av en opplevelse. Vi opplevde både fabelaktig fjellandkap, kjekke folk, mye latter og ikke minst utrolig fine DNT-hytter. Høydepunktet må vi likevel kunne si var Stavali. Her var det god plass, vi fikk to-mannsrom, vertskapet var utrolig hyggelig og serviceminded og det var nydelig mat. For to godt fjellvante nordlendinger som ikke er vant til noe annet enn kalde ubetjente DNT-hytter, var dette prikken over i`en og vi kommer garantert tilbake!


Stavali Turisthytte Foto: Johnny Ytreland, turleder


Dag 5: Stavali Kinsarvik via Dronningstien og Røte ca 25 km

Etter ein nydelig frokost, smøring av niste, fylling av termos og obligatorisk fotoseanse var vi klare for siste og kanskje den finaste etappen på turen. I dag skulle vi ta oss frå fjell til fjord i eit nydelig landskap med spektakulær utsikt over Sørfjorden, mot Oksen og Folgefonna den siste delen av turen. Været var som dei andre dagane, strålande sol frå knallblå himmel og litt vind.

Vi starta med oppoverbakke fra Stavali til Lonavatnet og vidare opp Lonaskardet med feller på skia før vi satte utfor i full fart i ein flott nedkjøring mot Fodnastølsvatnet. Første delen fulgte vi kvistaløypa som går mellom Stavali og Torehytten opp i Lonaskardet før vi tok av ned mot Fodnastøl, her var det eit lite parti som ikkje var kvista før vi igjen nådde kvistaløypa i dalen mellom Fodnastøl og Kinsekvelv. Vidare fulgte vi kvistaløypa over Kinsevatnet og opp Myrtakleiv til Grubbeskard. Her tok vi ein snarveg og runda Sylfestnuten omtrent der sommarruta går før vi igjen kom innatt på kvistaløypa i høgdene over Opesjovatnet omtrent der ein krysser Kjølo på sommarstien mot Lofthus. Her fulgte vi kvistaløypa som går omtrent midt mellom umerka sti over Rjuven (på kartet) og Dronningstien til Duk som ligg litt høgare enn varden på det øverste punktet på Dronningstien. Her fekk vi fantastisk utsikt innover Sørfjorden mot Odda og Folgefonna før vi starta nedstigningen via Skillingskardet til Heng der skogsvegen mot Røte og Kinsarvik går. Heile vegen ned med flott utsikt over fjorden og Oksen.

Løypa vert stort sett kvista av lokale grunneigarar og er ikkje å finne på DNT sitt kvistekart, men du finn den som vinterrute på ut.no. Det er ikkje mange som veit om denne perla av ein tur, men det er altså ein fantastisk mulighet for å ta seg frå fjell til fjord eller omvendt vinterstid og til å oppleve "kremen" av Hardangervidda vest på ski. Det er også mulig å ta seg ned Husedalen til Kinsarvik, men denne løypa er ikkje kvista og det er noko bratt ned Reinsbrekkene på ski, men det er absolutt ein flott tur for dei med litt erfaring og gode skieigenskaper!


- Det er noko magisk og eige med å komme frå vinter og snø i fjellet til vår og bar bakke ved fjorden!


Frå Duk med utsikt mot Sørfjorden, Odda og Folgefonna. Foto: Johnny Ytreland, turleder


Tilbakemeldingane frå deltakarane er veldig gode, dei har hatt ein drømmetur frå start til slutt.

Vi i Odda/Ullensvang Turlag vil retta ein stor takk til Maren Amanda Thorkildsen frå Vaksdal Turlag og Johnny Ytreland frå Bergen og Hordaland Turlag som tok på seg oppdraget då vi trengte erfarne vinterturleiarar for å kunne arrangere turen. Dei leia gruppa trygt over Hardangervidda frå Dyranut til Kinsarvik, noko vi set utrulig stor pris på.  

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Våre turer og kurs
Tur til Olsnessåta på Osterøy etter fellesmøte 12.–13. november, 2022.
Våre turer og kurs
Medlemsfordeler i Turlaget
Sti mellom Breidablik og Vending, august 2023.
Medlemsfordeler i Turlaget