Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

OUT-trimmen i Odda/Ullensvang Turlag

OUT-Trimmen er eit eige turtilbud gjennom Trimpoengappen som du melder deg på og gjennomfører på eigenhand.

Publisert: 09. juni 2023
DNTs tilbud

Utfordre deg sjølv og andre

I 2023 har me 170 turmål rundtom i heile kommunen og det kjem stadig til nye. Her kan du utfordre deg sjølv på mange plan. Du kan konkurrere med deg sjølv, ektefellen, naboen, venner og kollegaer. I tillegg blir du inspirert til å komme deg ut og  oppsøke nye turmål og nye turområder. Du kan sjølv bidra med fleire turmål i appen om du har forslag til nye turar me kan ha med. 

Ved å bruke Trimpoengappen samlar du poeng ved å sjekke inn på dei ulike turmåla. På denne måten har du full oversikt over kor mange gonger du har vore på eit turmål, kor mange turmål du har besøkt og kor mange poeng du har totalt. I appen ligg det turbeskrivelse for alle turane og kart som viser kor sjekk inn punktet på turen er. Premiar for deltagelse vert trekt blant alle som har sjekka inn og gått turar i inneværande år. Premiar vert trekt på årsmøte til Odda/Ullensvang Turlag.

PS! Me har dessverre ikkje kapasitet til å legge inn poeng manuelt om du gløymer å sjekke inn på turen.

Hjelp oss og foreslå turmål

Har du ein tur som ikkje ligg i appen og som du ynskjer å dele med andre?

Du kan foreslå turmål ved å åpne appen når du er ved "målet for turen" og trykke på foreslå turmål. Koordinatene for DER DU STÅR vil da bli sendt på e-post til oss. (Ikkje gjer dette heime når du sit i sofaen).

Skriv ein turbeskrivelse, slik at andre også kan finne fram. Ca tidsbruk og gjerne ein poenganbefaling. Ta eit bilde av turmålet og send på e-post til eva-grete@hotmail.com.

 

 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Våre turer og kurs
Tur til Olsnessåta på Osterøy etter fellesmøte 12.–13. november, 2022.
Våre turer og kurs
Medlemsfordeler i Turlaget
Sti mellom Breidablik og Vending, august 2023.
Medlemsfordeler i Turlaget