Onsdagsgruppa i Odda/Ullensvang Turlag
Onsdagsgruppa er Odda/Ullensvang Turlag si seniorgruppe. Det er ein gjeng turglade folk, som går tur annankvar onsdag frå april til oktober, men ikkje i juli. Mange er pensjonistar, men også andre som har tid og lyst til å vera med er velkomne.
Velkomen med i Onsdagsgruppa
Turmåla varierer, og i løpet av året prøver me å gå i dei fleste delane av kommunen. Nokon turar er lette, mens andre er meir krevjande. Me går i moderat tempo, har med niste og har det kjekt og sosialt. Tidsbruken varierer frå ca 2 timar til 4,5 time.
Me møtes på Eide i Odda, og køyrer kl 1000 med private bilar til dagens utgangspunkt. Me brukar så få bilar som råd. Dei som sit på betalar 100 kr til sjåføren. Dei som bur langs vegen eller ved turmålet kan sjølvsagt hoppe på undervegs eller møte direkte ved turstartpunktet.
Kontaktpersonar for Onsdagsgruppa er:
- Jan Einar Mo, tlf 95756463
- Marit Legård, tlf 92460994
- Reidun Bay, tlf 47620290
- Jan Olav Andersson, tlf 91641408
Våre kommende turer for seniorer
Se også