Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Barnas Turlag Odda/Ullensvang Turlag

Barnas Turlag ynskjer at alle barn mellom 0 og 12 år skal få gleda av å leike og kose seg ute i naturen. Gjennom Barnas Turlag her lokalt treff de andre barnefamiliar, og barna kan gle seg over å treffa andre barn på tur. Kanskje stifte nye bekjentskaper, lære om naturen, leike og kose seg ute i all slags vær.

Publisert: 09. juni 2023
DNTs tilbud

Mange ulike turar for barnefamilier

Me arrangerer kveldsmatturar, dagsturar, Kom deg ut-dagar, klatring, Turbotrim, hytteturar, teltturar og mykje meir. 

Dei aller fleste aktivitetane Barnas Turlag her lokalt arrangerer er gratis og delta på om ein er medlem eller ikkje. Den lokale aktiviteten er viktig i folk sin kvardag og gjer moglegheiter for flotte naturopplevelsar der folk bur. Dette er ein fin måte og bli kjend med Odda/Ullensvang Turlag på, komma i gang med friluftsliv, skapa gode vanar for familien og bruka naturen hyppig. 

Bli medlem i Odda/Ullensvang Turlag

Bli medlem

Barn mellom 0 og 12 år kan være medlem i sitt lokale turlag- Det kostar 140 kr pr år og være medlem i Barnas Turlag. Barn som er medlem bur gratis på alle DNT sine sjølv og ubetjente hytter og får bu til medlemspris på dei betjente hyttene. Fleier av hyttene til DNT er godt tilrettelagt for barn og barnefamiliar. Som medlem av Barnas Turlag her lokalt får ein også tilsendt Turboposten heim i si postkasse. Turboposten er Bergen og Hordaland Turlag sitt eige magasin for barn og kjem ut to gonger årleg.

Er de tre eller fleire i familien og alle ynskjer å verte medlem kan det lønne seg med familiemedlemskap. Alle i familien må ha samme adresse og det gjeder for husstandens barn og inntil to voksne over 25 år. Familiemedlemskap koster 1360 kr og ein får då ei rekke medlemsfordeler for heile familien. 

Bli frivillig i Odda/Ullensvang Turlag

Bli frivillig

Har du lyst til å bli frivillig å ta med barn på tur? Me treng at foreldre og andre vaksne engasjerer seg som frivillig i Barnas turlag her lokalt slik at me kan tilby turar og aktivitetar rundom i dei ulike bygdene i kommunen der folk bur. Du bidreg der du vil når du kan og med det du måtte ynskje. Du binder deg ikkje til noko fast kvar veke eller månad og du står heilt fritt til å arrangere det du vil at dine og andre sine barn skal oppleve. Om det er telttur, kveldsmattur, natursti, padling, klatring, hyttetur osv... bestemmer du heilt sjølv. 

 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Våre turer og kurs
Tur til Olsnessåta på Osterøy etter fellesmøte 12.–13. november, 2022.
Våre turer og kurs
Medlemsfordeler i Turlaget
Sti mellom Breidablik og Vending, august 2023.
Medlemsfordeler i Turlaget