Logo
Til DNT.no forside
Nordhordland Turlag fellestur fra Gullbrå til Torverdalshytta, 25.–26. februar 2023.

Om Nordhordland Turlag

Nordhordland Turlag er lokallag under Bergen og Hordaland Turlag som høyrer til Den norske turistforening. Turlaget vart starta i 1993 og omfattar kommunane Alver, Fedje, Austrheim, Masfjorden, og Modalen.

Laget har mange ivrige frivillige som syter for eit variert turprogram. Me har driftsansvaret for tre hytter i Stølsheimen, Vardadalsbu, Skavlabu, Kalvedalshytta, og Rongevær kysthytte i Austrheim. 

Leiar for laget er Børge Brundtland som vart vald på årsmøtet i januar 2019.

 

Styret

  • Styreleiar Børge Brundtland, tlf. 411 63 908 - borge.brundtland@gmail.com
  • Nestleiar Jane Britt Daae, tlf. 414 601 37 - janebrittdaae@hotmail.com
  • Vegard Mogen, tlf. 400 343 48 - veggen1985@hotmail.com
  • Kirsti Haugsvær Hjertås, tlf. 482 49 037 - kirsti.hjertas@hagel.no
  • Knut Espetvedt, tlf. 993 76 601 - knut.espetvedt63@gmail.com
  • Silje Sandvik Sudmann, tlf. 950 53 010 - siljesudmann@hotmail.com
  • Kristine Lunde, tlf. 976 66 101 - bbbkristine@gmail.com

Tur- og dugnadsgrupper

  • Turbo Knarvik
  • Turbo Lindås
  • DNT Tilrettelagt Nordhordland v/kontaktperson Tanja Resink, tlf. 48 03 88 37, E-post: Smedingtanja@gmail.com
  • Barnas Turlag Nordhordland
  • DNT ung Nordhordland
  • Padlegruppe v/Børge Brundtland og Knut Espetveit
  • Onsdagsturar v/Vegar Mogen og Jan Otto Natland
  • Skavlabu turisthytte v/Ingebjørg Nachnebel Pollen
  • Vardadalsbu turisthytte v/Solfrid Hjelmtveit
  • Kalvedalen turisthytte v/Åse Øverstrand
  • Rute- og merkegruppa v/Jan Ivar Berge

Vedtekter

*Vedtekter for Nordhordland Turlag

Revidert mars 2016 (ny versjon, revidert på årsmøtet januar 2023 må leggjast inn)

§1        Føremål

Nordhordland Turlag har som føremål å fremja eit aktivt, naturvenleg og sikkert friluftsliv i skog, fjell og ved kyst.

§2        Organisasjon og leiing

Laget er tilknytt Bergen og Hordaland Turlag som medlemsforeining i Den Norske Turistforening. Medlemsområdet er kommunane Fedje, Austrheim, Radøy, Lindås, Meland, Masfjorden og Modalen. Betalt kontingent i DNT/BHT gjeld som kontingent for Nordhordland Turlag.

Nordhordland Turlag skal ha eit styre på sju medlemmer. Leiar veljast kvart år. Andre medlemmer for to år om gongen, men slik at tre står på val kvart år.

Styret står fritt til å opprette arbeidsgrupper eller utval der dei trekkjer andre inn i arbeidet med å utføre arbeidsoppgåver i laget.

Hytteprosjekt må vere i tråd med Bergen og Hordaland Turlag sin strategi og må til like med låneopptak godkjennast av styret i Bergen og Hordaland Turlag.

§3        Medlemmer

Medlemmer er alle som har betalt kontingent. Medlemmer har rett til å delta på årsmøter. Medlemmer har forslags- og stemmerett frå det året dei fyller 15 år, og medlemmer kan då veljast til tilllitsverv i Nordhordland Turlag.

§4        Årsmøte

Årsmøte skal haldast i januar månad og kunngjerast i lokalavisene minst 14 dagar på førehand. Framlegg til årsmøte må vera styret i hende innan utgangen av desember månad. Berre saker som er nemnd i innkallinga kan handsamast på årsmøtet. Når årsmøtet har godkjent innkalling og dagsorden, veljast ein møteleiar og to referenter.

Årsmøtet skal handsama desse sakene:

1.      Årsmelding frå styret

2.      Revidert rekneskap

3.      Budsjett for inneverande år

4.      Innkomne saker

5.      Val på:

•        Leiar 

•        Styremedlemmer 

•        Revisor

•        Valnemnd beståande av tre personar (for tre år, ein på val kvart år)

§5        Ekstraordinært årsmøte

Ekstraordinært årsmøte kan innkallast dersom styret eller minst 10% av medlemmene finn det naudsynt.

§6        Vedtektsendring

Vedtektsendring krev 2/3 fleirtal av dei frammøtte medlemmene på årsmøtet.

§7        Oppløysing

Oppløysing av laget krev ¾ fleirtal av dei frammøtte medlemmene på årsmøtet. Eigneluter/midlar tilfell Bergen og Hordaland Turlag.

Historia vår

Nordhordland Turlag 1993-2005


Idrettslaget Alvidra og Eikanger Idrettslag hadde aktive turgrupper. Saman med Nordhordland Reiselivslag arrangerte dei fjellturar i Lindås- og Masfjordfjella i byrjinga av 1990-talet. På desse turane vart tanken om å starta eit eige turlag lufta. Mange var også aktive i Bergen Turlag både på turar og med dugnad. Eit interimstyre med eldsjeler frå dei to laga vart valt. Det vart tatt kontakt med Bergen Turlag, og snøballen rulla raskt vidare. Nordhordland Turlag vart i 1993 eit lokallag tilslutta DNT-systemet gjennom Bergen Turlag.

Medlemsområdet vart kommunane Austrheim, Fedje, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen og Radøy.Og i formålsparagrafen står det bl.a. at ein skal driva friluftsliv i skog, fjell og ved kyst. At kysten kom med var naturleg. Med dei mange perlene, med holmar og skjær, også skulle nyttast av  turlaget var litt nytt. Fjellet var det ein først tenkte på når turlaget vart nemnt.

Natur er det mykje av i Nordhordland. Turar var det ikkje vanskeleg å setja på programmet. Folk møtte opp i hopetal. 30-50 personar møtte ofte. Nordhordland var på denne tida prega av stor tilflytting. Mange hadde interesse av å verta kjent i nærområda, og kjentfolk stilte villig som turleiarar. Tilbakemeldingane var utelukka positive, entusiasmen stor og aktiviteten auka.

Vardadalsbu ligg i Modalen kommune. Det vart naturleg at dette vart ”vår” hytte. Ein entusiastisk gjeng tok på seg å stilla med folk til dugnad. Optimistiske la dei i veg frå Stordalen utan heilt å vita kvad ei hadde gitt seg ut på. Børene var tunge med både mat og utstyr. Noko vart lagt att på vegen, noko vart lasta om til dei sprekaste, og fram kom dei, seint på natt i skodde og mørker. Dugnaden vart gjennomført og resulterte i at Nordhordland Turlag fekk driftsansvar for hytta.

Med dette ansvaret følgde også merking med. I vestre delen av Stølsheimen er det eit krevande terreng. Det viste seg snart at for å få fleire ut på stiane måtte det skapast ein tryggehet. Dei raude T-ane og vardane vart friska opp, eit arbeid som var tidkrevande men svært givande. Tilbakemeldingane var, og er, positive.

Ruta mellom Vardadalsbu og Dyrkolbotn var lang og trafikken ikkje særleg stor. Kva var då meir nærliggande enn å planleggja ei ny hytta på strekninga. Tanken vart sådd utan å få den store tilsluttninga i alle leiar. Planar vart likevel laga, og så mange gangar før, tanken modnast og i 1998 vart det ein realitet. Skavlabu vart eit tilskot i Bergen Turlag sitt hyttenett.

Bygginga av Skavlabu vart eit stort løft. Arbeidet starta midt i juni, og hytta stod klar til bruk i starten av oktober. Sjølve byggningsarbeidet vart utført av leigefolk. Alt anna frå planlegging, grunnarbeid, rydding, utvendig og innvendig behandling og montering av møblar var frivilleg arbeid. Dugnadsånda vart sett på prøve og bestod med glans. Folk stilte opp helg etter helg. Arbeidet vart eit samlande element i drifta av Nordhordland Turlag! Resultatet står på eit forblåst platå i Modalsfjella. I 2005 fekk hytta eit tilbygg slik at inngangspartiet har vorte godt tenleg både sommar og vinter.

Olav Thons stiftelse var ein solid bidragsytar økonomisk. Ei minnegåve var med å finansiera tilbygget. Med solid dugnadsinnsats har dette tilsaman gjort det muleg å få reist ei hytte med god standard.

Ikkje lenge etter at Nordhordland Turlag var skipa vert laget kontakta av nokre karar frå Hundvingrenda. Dei hadde ein tomt i Kalvedalen og pengar på bok. Dette vart stilt til disposisjon dersom det var av interesse. Nye planar vart lagt. Som ved forrige hytteprosjekt, det måtte litt modning til, men resultatet var gitt. I 2001 stod Kalvedalshytta klar til bruk.

Olav Thons stiftelse var sjølvsagt også med her saman med lokalt næringsliv. Grunneigarane i området var svært positive til prosjektet og ein fekk nytta ei av hyttene fritt i byggeperioden.

Dugnadsånda blomstra, eit nytt tilskot til hyteparken vart realisert, og eit nytt område i turlagsamanheng var tilrettelagt. Løypenett frå Stusdal via Kalvedalen til Kvinge og Andvik vart rusta opp.

For å få eit samanhangande rutenett frå Vikafjellet og til fjorden var det no strekket mellom Dyrkolbotn og Stusdal som stod att. Kva var då meir naturleg enn å få ein avtale om overnatting i Dyrkolbotn. Avtale vart inngått, løype merka og løypenettet var ”komplett”.
Nordhordland Turlag har no driftsansvar for 4 hytter. Ei hytte fekk me på kjøpet, to nybygg og eit kårhus. Ikkje dårleg for eit ungt lag.

Frå å arrangera søndagsturar i nærmiljøet, til den aktiviteten som er i dag er eit stort sprang.
Hyttene har sine faste dugnadsfolk. Merking av stiane inn til og mellom hyttene krev sine folk. Bruer skal byggjast og vedlikehaldast. Likevel er det turaktiviteten som er bærebjelken i drifta.

Onsdagsturar er den desidert største aktiviteten i dag med over førti turar for sesongen. Me har nådd nye grupper av folket. Sofaslitarane har kome ut! Dei tradisjonelle søndagsturane har fått nye og kanskje litt fjernare mål. Turar som strekker seg over ei helg er på programmet. Bre og klatring er siste tilskotet. Opplevingar utover det å gå i kjente områder er spanande.Padling både i kanao og kajakk og sykling står også på programmet.

Nordhordland Turlag har eit aktivt Barnas Turlag med tur fast den siste søndagen i månaden. Aktivitetane spenner frå gardsbesøk med riding og juletrehogst til skøyter på kunstisbana på Slåtthaug. Både store og små møter og deltek i oppsetting av lavo, pannekakesteiking og aktivt friluftsliv.

For å driva den aktiviteten ein no har er ein sjølvsagt avhengeig av dyktige turleiarar, dugnadsfolk og ikkje minst deltakarar. Alt dette har Nordhordland Turlag. Aktivitetane får god omtale i lokalavisene, folk viser interesse og dugnadsånda blømer!

Leiarar i Nordhordland Turlag:

  • Asle Hindenes 1993-96
  • Svein Rusten 1997-98
  • Tore Haugland 1999-2001
  • Arve Terje Daae 2002
  • Wigdis Haugen 2003
  • Bjørn-Olav Hagesether 2004-2006
  • Yngve Tvedt 2007-2008
  • Arnhild Hatland 2009-2010
  • Birger Tomasgard 2011-2012
  • Vibeke Døsvik Haukeland 2013
  • Øyvor Larsen
  • Børge Brundtland 2019 - 

STIEN er våre verdiar

Spennande – DNT skal by på utfordrande og spennande opplevingar for alle.

Truverdig – Tryggleik og kvalitet skal stå i fokus i heile organisasjonen.

Inkluderande – DNT skal ha eit turtilbod der alle føler seg velkomne, òg dei som ikkje kjenner oss frå før.

Enkelt – Vi vil bidra til å la folk oppleve gleda ved det enkle friluftslivet.

Naturvennleg – DNTs verksemd med aktivitetar, hytter og ruter skal vere naturvennlege.

Kontaktinformasjon

 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Turer og kurs i BHT
Personaltur til Solrenningen, 12.–13. september 2023.
Turer og kurs i BHT
Turtips på Vestlandet
Grottetur til Telavåg på Sotra, april 2020.
Turtips på Vestlandet