Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Onsdagsturar i Masfjorden

Nordhordland Turlag delar informasjon onsdagsturane i Masfjorden. Arrangør og ansvarleg for turane: Fjelltrimgruppene i Fjon UIL, Risnes idrettslag og Bjørn West IL . Alle turane starter kl. 18.00. Ta kontakt med kontaktpersonane om du har spørsmål.

Publisert: 13. mars 2026
Artikkel

Oversikt over turane frå 11. mars til 23. september.

Onsdagsturar Masfjorden 2026.pdf

Fjelltrimgruppene i Fjon UIL, Risnes idrettslag og Bjørn West IL driv onsdagsturar i Masfjorden også i 2026. 

Onsdagsturar er fine nærturar i kvardagen. Med 21 onsdagsturar på programmet i 2026 byr det seg verkeleg høve til mange gode turopplevingar med ei triveleg turgruppe. Ut å lufte vetet, gode turvener og lokale turperler. Kan ein ønskje seg meir på ein ettermiddag midt i veka?

Det er dei tre laga i Masfjorden som har ansvar for turane, som vert drive som ei sjølvorganiserte turgruppe der kvar og ein har ansvar for seg sjølv. Kjentpersonar står oppført og er med på turen. Kjentpersonen sitt ansvar er å vise fram til turmålet. Du kan gjerne ringe kjentpersonen på førehand om du har spørsmål om turen, vanskegrad, oppmøte eller anna.

Nordhordland Turlag vil synleggjere dette gode tilbode og publiserar turane på vår nettside.

Turane er gratis og du treng ikkje melde deg på.

Turlaget sponsar premiar til dei som går 15 turar.

 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Våre turer og kurs
Tur til Olsnessåta på Osterøy etter fellesmøte 12.–13. november, 2022.
Våre turer og kurs
Medlemsfordeler i Turlaget
Sti mellom Breidablik og Vending, august 2023.
Medlemsfordeler i Turlaget