Hopp til hovedinnhold
Logo
Til DNT.no forside

Velkomen til heile Norges turdag 6. september!

6. september inviterer me til gratis turfest for store og små over heile distriktet. Gjer deg klar for Kom deg ut-dagen 2026!

Publisert: 24. august 2026
Skrevet av: John Petter Nordbø
Nyheter
To gutter står med svær, blå maskot som ser ut som en rev. De klemmer.
I NÆRLEIKEN: Kom deg ut-dagen finn du der du bor! Her frå Herdla på Askøy i fjor. Foto: Tina Elizabeth Eielsen Dale

Kom deg ut-dagen er heile Norges turdag, og kvar haust og vinter kjem barnefamiliar saman til små og store arrangement over heile landet. Turdagen er heilt gratis, og du treng verken dyrt utstyr eller erfaring for å vera med. 

6. september vil me ha DEG med på tur! 

– Kom deg ut-dagen er ein festdag me alltid gler oss til. Det er så kjekt å treffa barnefamiliar og sjå folk kose seg ute. Målet er å visa at du ikkje treng dyrt utstyr eller reisa langt for å komma deg ut på tur, seier Birgithe Roald, leiar for aktivitet i Bergen og Hordaland turlag. 

Her finn du alle våre lokale arrangement: 

Låg terskel for å bli med

På Tysnes står det ein gjeng med frivillige klare til å ta deg imot i vakre Kjevikjo. Den fine, vesle bukta ligg godt skjerma for vêr og vind, og er ein perfekt møtestad på Kom deg ut-dagen.  

– Her pleier det å komma barnefamiliar, gjerne 40-50-60 stykk. Det er frå dei aller minste til 10-11 år, seier Rebekka Høgestøl frå Tysnes Turlag. 

I Kjevikjo er det kort veg til arrangementet, her kan du også trilla med barnevogn. Dette går igjen på alle Kom deg ut-dagane rundt omkring i distriktet: Her snakkar me låg terskel for å vera med. 

Det varierer frå stad til stad kva slags aktivitetar som er, men her er nokre døme på kjekke ting å vera med på: 

  • Natursti
  • Bål og grilling
  • Kano og andre aktivitetar i vatn
  • Ansiktsmaling
  • Snekring av fuglekasse
  • Kanskje kommer DNT-maskoten Turbo på besøk? 
Idyllisk vik med grønne pleier
VAKKERT: Kjevikjo på Tysnes er ein av naturperlene der det blir turfest neste sundag. Foto: Rebekka Høgestøl

 

Ta med barnebarna?

No gler Høgestøl og frivillig-gjengen i Tysnes seg til dagen. 

– Det er kjekt å bidra til at folk kjem seg ut, og at me kan finna på ting i lag. No håpar me berre på fint vêr, seier Høgestøl. 

Pssst! Kom deg ut-dagen er perfekt for deg som er tante, onkel, besteforelder eller berre ein god ven av ein barnefamilie. Kanskje dette er helga du skal tilby deg å vera barnevakt, og gjera noko gøy med ungane? Garantert eit populært forslag hjå store og små. 

Her finn du 2026-arrangementa:

Vis alle i DNTs aktivitetskalender
Gruppe mennesker står i skog med rød vest på seg.
DUGNADSGJENG: Ein haug med frivillige tar imot deg og familien til ulike arrangement rundt omkring i distriktet. Her er det gjengen frå Tysnes Turlag i fjor. Foto: Rebekka Høgestøl

 

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Våre turer og kurs
Tur til Olsnessåta på Osterøy etter fellesmøte 12.–13. november, 2022.
Våre turer og kurs
Medlemsfordeler i Turlaget
Sti mellom Breidablik og Vending, august 2023.
Medlemsfordeler i Turlaget