Turer og aktiviteter i Jæren turlag
Bli med Jæren turlag på tur og del turgleda saman med andre i nærmiljøet ditt. Det er mange aktivitetar og turar som vert arrangert. Les meir her og finn aktiviteten du har lyst å vera med på. Du er velkommen som deltakar og frivilleg.
52 søndagsturer i 2025
52 søndagsturer er Stavanger Turistforening sitt jubileumsprosjekt i samband med Stavanger sitt 900-årsjubileum.
Jæren turlag har mange turar med i prosjektet. Det blir turar i alle våre fire medlemskommunar. Undervegs i turåret blir det turar med ulik lengde og vanskegrad.
Me avslører ikkje kva for ein tur som er vekas tur før den samme veka som turen går. Då opnar også påmeldinga for fellesturen kommande søndag. Følg med på nettsida og facebook til turlaget.
Nærturar
I lag med jærkommunane Gjesdal, Hå, Klepp og Time har Jæren Turlag merka 26 turløyper rundt tettstadane i desse fire kommunane.
I 2024 gjennomførte turlaget 25 turar med om lag 450 deltakarar. Det er alltid to turleiarar med på turane og turane går på dei merka nærturane. Turane går mest på merka nærturar, men også på nye turområde for litt variasjon. I turprogrammet finn du oversikt over alle nærturane i 2025.
Nærturane er enkle turar som passer for alle. Turane varer om lag 2 timar.
Her er oversikten over nærturane med turleiare 2025
Barnas turlag
Barnas Turlag arrangerer turar, leik og moro for barnefamiliar med barn 0-12 år. Gjennom gode naturopplevinger, det enkle friluftsliv og spennande aktivitetar vil me tilrettelegge for eit sunt og godt friluftsliv for barna.
For å verta inspirert kan du lesa litt om aktivitetar og arrangement som blei gjennomført i 2024. I 2024 har det vore gjennomført 7 turar og arrangement. Dei to overnattingsturane til Grautheller og Mån var populære. Kom-deg-ut-dagen i Sandtangen på Bryne i februar og ved Melsvatnet i september samla mykje folk.
Følg Barnas turlag Jæren på facebook
Høgt og lågt
Turgruppa Høgt og Lågt er open for alle, men tilrettelagt for deltakarar som kanskje ikkje maktar å gå på dei høgaste toppane, og som kanskje kjenner at ein treng ein ekstra pause eller to.
Her kan du se turreferat fra tidligere turer: Turreferat Høgt og Lågt
Fjellturar
Det vert gjennomført fjellturar gjennom heile året. Turane vert leia av turleiarar som planlegg og gjennomfører turane. Alle turane vert lagt ut i turkalenderen. Turmålet for turane varierer frå Hå, Time, Gjesdal, Bjerkreim til Eigersund kommunar.
Turane er opne for alle, men er berekna på ungdom, vaksne og spreke seniorar. Nivået på turane varierer frå vandring i terreng til toppturar.
Her finner du Jæren turlag sitt turpogram for 2025. Under kan du lesa meir om dei ulike turane me har planlagt framover. Håper me ser deg på ein av turane.