Dugnad
I Jæren turlag finnes det mange dugnadsmoglegheiter. Klør du i fingrane og har lyst å vera med på dugnadsarbeid, kan du lesa meir om kva Jæren turlag driv med.
Fadderlag for dagsturhyttene i Hå, Klepp og Time
Turlaget har avtale med kommunane Hå, Klepp og Time om tilsyn av dagsturhyttene. Det er organisert eigne fadderlag for kvar av hyttene.
Oppgåver for fadderlaga er å halda hyttene reine og fine. Me feier og vaskar golva, vaskar vindu og plukker søppel, og sjekker at alt ser bra ut ute og inne.
Merking av ruter og stiar
Turlaget merker ruter og stiar i Madlandsheia, nærturar i alle medlemskommunane og merking av turløyper i samarbeid med kommunane.
Naustet på Reime - Prosjekt restaurering
Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Stavanger turistforening, og Jæren turlag, Jæren kystlag og Hå kommune. Det er skrive avtale med grunneigar. Nå vert det arbeida med skisse, kostnadsoverslag og søknad om midlar.
Turleiarar
Jæren Turlag treng fleire turleiarar, både til turar for vaksne og turar for barnefamiliar. Dersom dette er noko du kan tenkja deg, så ta kontakt med turlaget på jaeren.turlag@dnt.no. Opplæring vert gitt og du kan for eksempel vera med på nærturleiarkurs og/eller grunnleggjande turleiarkurs.